102 millionar til doktorgradsprosjekt i næringslivet

Forskingsrådet gir støtte til 49 doktorgrader i norske bedrifter. Målet er å auke konkurransekrafta, kompetansen og kapasiteten i norsk næringsliv. Svært mange av prosjekta handlar om utvikling av kunstig intelligens. Andre handlar om kartlegging av sårbar natur i arktiske område og rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta.


– Noreg treng eit næringsliv som forskar meir. Derfor bruker vi pengar på at fleire kan ta doktorgrad i bedrifta dei er tilsett i. Det gir bedriftene eit konkurransefortrinn og bidreg til nye løysingar og nye arbeidsplassar. No set vi KI-milliarden ut i livet, og finansierer ei rekke doktorgradsløp som skal utvikle konkrete løysingar for bruk av kunstig intelligens i næringslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Han får støtte frå næringsminister Cecilie Myrseth, som legg til:  

– Denne ordninga er svært viktig for å stimulere til meir forsking og utvikling i næringslivet, og den legg til rette for akua samarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø. Dette er vesentleg for å styrke kompetansen og omstillingsevna i næringslivet.

Banebrytande forsking 

Blant annet får DNB Bank ASA støtte til eit prosjekt der dei skal bruke kunstig intelligens til å utvikle maskiner som kan gi betre og meir treffsikker rådgiving til privatkundar. Sallir Natur AS får støtte til eit prosjekt om naturvariasjonar i arktiske område, med søkelys på vegetasjon i høgfjellet. Prosjektet skal gi kunnskap som vil forbetre moglegheitene til å kartleggje og bevare sårbare naturtypar i nordområda.

 
Les meir om saka, og kva prosjekt som blir finansierte her:

 
 
Kilde: Forskningsrådet, 29.08.24
Open contact form