Spørsmål og svar om SkatteFUNN

Webseminaret er for alle som søkjer SkatteFUNN, både dei som har gjort det før og dei som er nye.


Seminaret vil vere ein uformell "spørsmål-og-svar" seanse der det er mogleg å stille spørsmål om SkatteFUNN-ordninga, og om korleis vi som SkatteFUNN-saksbehandlarar vurderer søknadene.

Det vil ikkje bli gitt nokon presentasjon av SkatteFUNN på seminaret. Konseptet er at vi konsentrerer oss om dei spørsmåla som blir stilte. Dei spørsmåla vi ikkje kan svare på der og då, vil vi prøve å komme tilbake til. Det er også mogleg å sende inn spørsmål på førehand, om det er ønskjeleg til ruf@forskningsradet.no.

Les mer om seminaret og meld deg på her

Les om SkatteFUNN på Forskningsrådets nettsider.

Open contact form