Styrka satsing på gründerar

I statsbudsjettet for 2025 gjer regjeringa framlegg om å forsterke innsatsen for oppstartsbedrifter i heile landet med ytterlegare 52 millionar kroner.


Fleire oppstartsbedrifter skal vekse

– Regjeringa vil leggje til rette for at fleire oppstartsbedrifter skal vekse. Dette gjer vi gjennom ei målretta satsing på finansieringsordningar, nettverk for gründerar og kompetansetenester som styrkar evna til internasjonal vekst. Slik kan vi få fram fleire av ideane som skal ta oss gjennom den grøne omstillinga og sikre vidare vekst og arbeidsplassar i framtida, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Innsatsen inkluderer Innovasjon Noreg sine finansieringsordningar særleg retta mot oppstartsbedrifter og arbeid for å vidareutvikle oppstartsøkosystem i heile landet, samt å byggje opp kompetanse på internasjonalisering og skalering hos oppstartsbedrifter. Satsinga i budsjettet for 2025 kjem på toppen av ein allereie styrkt innsats for oppstartsbedrifter med 70 millionar kroner i 2024. Deler av satsinga skal òg brukas til å styrke Innovasjon Noreg sitt arbeid med å mobilisere og motivere til gründerskap blant kvinner.

– Eg er opptatt av at fleire kvinnelege gründerar skal lukkast med vekstambisjonane sine, og styrker derfor Innovasjon Noreg sitt arbeid med kvinnelege gründerar, seier Myrseth.

Regjeringa tar to hovudgrep

Regjeringa skal i løpet av 2024 lansere ei gründermelding med viktige tiltak som skal sikre framveksten av fleire nyskapande vekstbedrifter. I tillegg legg regjeringa fram forslag om å styrke innsatsen for gründerar med 52 millionar kroner i 2025. Dette følger opp styrkinga frå årets budsjett på gründerar på 220 millionar kroner. Da foreslo regjeringa ei løyving på 220 millionar kroner i ei gründersatsing fordelt med 150 millionar kroner i risikokapital til Investinor og 70 millionar kroner til oppstartsordningane i Innovasjon Noreg.

- Seinare i haust vil eg legge fram den første stortingsmeldinga om gründerar og oppstartsverksemder. Meldinga vil blant anna ta for seg rammevilkår og ytterlegare tiltak for å støtte opp under regjeringa si ambisjon om at Noreg skal være eitt av verdas beste land å starte og drive verksemd i, seier næringsministeren.

Styrke Innovasjon Noregs arbeid og ordningar retta mot gründerar

Midlane skal konkret bidra til:

  • å gi fleire gründerar tilgang til tidlegfase finansiering
  • auka tilgang til kompetanse og tilrettelegging for skalering, internasjonalisering, og bidra til meir nettverksaktivitet.
  • å motivere til gründerskap blant kvinner, gjennom å styrke Innovasjon Noregs arbeid med kompetanse, mobilisering og involvere kapitalmiljø for kvinnelege oppstartsselskap.

 

Les heile pressemeldinga her.

Kjelde: Nærings- og fiskeridepartementet, 07.10.2024

Open contact form