Styrkjer innsatsen mot useriøsitet og sosial dumping

Regjeringa aukar budsjettet til Arbeidstilsynet i kampen mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.


– Sosial dumping og arbeidslivskriminalitet har ingen plass i Noreg. Auka ressursar til Arbeidstilsynet vil bidra til at vi kan stå sterkare i kampen mot dei som opererer på kanten av lova, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Regjeringa føreslår no å auke budsjettet til Arbeidstilsynet med 18 millionar kroner.

Med auken som no blir føreslått, vil regjeringa ha styrkt Arbeidstilsynet med nesten 90 millionar kroner sidan 2021. Dette har gjort Arbeidstilsynet meir synleg og til stades på arbeidsplassane. Dei har gjennomført fleire tilsyn og blitt strengare i reaksjonane overfor dei mest useriøse aktørane.

– Useriøse verksemder undergrev ikkje berre rettane til dei tilsette, men òg konkurransevilkåra for dei seriøse bedriftene. Ved å styrkje Arbeidstilsynet legg vi betre til rette for eit trygt og seriøst arbeidsliv, seier Brenna.

Ekstra fokus på byggjenæringa

Regjeringa føreslår òg å auke støtta til Fair Play Bygg Noreg med to millionar kroner. Foreininga arbeider mot kriminalitet i arbeidslivet, med særleg vekt på byggjenæringa.

– Byggjenæringa er dessverre overrepresentert når det gjeld arbeidslivskriminalitet og useriøsitet. Difor er det heilt naudsynt at vi støttar aktørar som Fair Play Bygg, som gjer ein viktig innsats for å kjempe mot dette. Ved å gi dei meir ressursar, styrkjer vi innsatsen for trygge arbeidsforhold og like konkurransevilkår i ei næring som ofte blir råka av sosial dumping og useriøse aktørar, seier Brenna.

Les hele pressemeldingen her.

Kjelde: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, 07.10.2024

Open contact form