Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Tilgangsstyring

Del og gi tilgang i innboksen

Det er i dag ikkje mogleg å dele og gi tilgang for éi enkeltmelding i innboksen i nye Altinn. Dette jobbar vi med å få på plass 22. april, men tidspunktet kan endre seg.

Tilgang til enkelttenester

Du må framleis gi tilgang til enkelttenester i gamle Altinn.

Det er førebels ikkje mogleg å gjere det i nye Altinn. Når det blir mogleg i nye Altinn blir det kalla «fullmakt til enkelttenester».

Tilgangsstyring for privatperson

Frå 4. mars kan privatpersonar gi fullmakt til tilgangspakkar. Samtykke blir automatisk vidareførte.

Opprett forespørsel

I gamle Altinn kan du be om tilgang til noe ved å opprette en forespørsel. Det er foreløpig ikke mulig å gjøre det i nye Altinn.

Klientadministrasjon

Frå 4. mars får verksemder som jobbar på vegner av kundar betre støtte i nye Altinn for å administrere kven som kan gjere kva internt.

Merk at du framleis må gjere noko administrasjon i gamle Altinn:

  • Enkelte tenester er framleis berre tilgjengelege med rollene for rekneskapsførar og revisor i gamle Altinn.
  • Klientdelegering av desse rollene må gjerast i gamle Altinn, sidan endringar i nye Altinn ikkje blir synkronisert tilbake til gamle Altinn.
  • Klientdelegering gjord i gamle Altinn 2 blir derimot synkronisert til dei nye Altinn-pakkane, og blir tilgjengeleg der.
Api-tilgang

Det er foreløpig ikke mulig å gi tilgang til api i ny tilgangsstyring. Ønsker du å gi api-tilganger kan du gjøre dette i gammel løsning.

Støtte for verjemål

Frå 4. mars støttar Altinn verjemål basert på opplysningar frå Folkeregisteret. Det betyr at verjer automatisk får rette fullmakter til å utføre oppgåver på vegner av personen dei representerer. Verje og verjehavar får også ei tydeleg visning av verjemålsforholdet i Altinn, slik at det er lett å sjå kva fullmakter som gjeld.