Diverse om innlogging
Her finn du ulike problemstillingar som kan dukke opp når det gjeld alternativ innlogging i Altinn.
Forsøk å slå av og på mobiltelefonen din. Har du tvillingsimkort mottek du kode på hovudkortet. Logg inn med ein annan innloggingsmetode og sjekk om det er registrert riktig mobilnummer i Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Logg inn ved hjelp av ein annan innloggingsmetode og oppdater passordet ditt under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Engangskodebrevet frå Altinn inneheld 30 kodar, dei kan vere oppbrukte og du må bestilla nytt kodebrev. Inneheld brevet 20 kodar må du nytta innloggingsvalet MinID til ID-porten.
Har du tasta feil fødselsnummer/brukarnamn, passord eller kode ti gonger blir du sperra for innlogging i 1 time. Innloggingsmetodene som tilhøyrer ID-porten blir ikkje påverka av dette. Du kan for eksempel logge inn med MinID eller BankID istede.
Innloggingsinformasjon som har kome på avveg kan gjere det mogleg for uvedkomande å logge seg inn med brukaren din på Altinn. For å unngå dette kan du deaktivere kodebrev frå Altinn og eventuelt passord.
Innloggingsmetodane frå ID-porten (MinID, BankID osb.) vert ikkje rørt av dette, men kan sperrast via sperretenesta hos ID-porten.
Vel Logg inn → Gå vidare til fleire innloggingsmetoder og du kan velje Deaktiver engangskode/passord.
- Ved å deaktivere eingongskodar (Altinn kodebrev) vil ikkje kodebrevet fungere ved innlogging, og du må bestille nytt kodebrev for å kunne nytte denne innloggingsmetoden.
- Ved å deaktivere passord (SMS-kode og/eller Berre Passord) kan du ikkje nytte passord ved innlogging. Ved å logge inn med ein annan innloggingsmetode kan du opprette nytt passord under Profil → Avanserte innstillingar → Innloggingsinformasjon.
Du loggar deg inn som privatperson i Altinn. Viss du har tilgang på nokon andre enn deg sjølv, kan du etter innlogging velja kven du skal representera.
For å representera eit organisasjonsnummer i Altinn må du anten registrerast med ei ekstern rolle i Einingsregisteret, som til dømes innehavar, dagleg leiar eller leiaren i styret, eller du må få delegert ei rolle på vegne av organisasjonsnummeret i Altinn.
Innloggingsmetoden du vel har mykje å seie for kva sikkerheitsnivå du har i Altinn. Det er forskjellige krav til sikkerheitsnivå på dei ulike skjema og tenestene i Altinn.
Om du har for lågt sikkerheitsnivå når du freistar å ta i bruk ei teneste, vil du få melding om å logge inn på nytt og velje ein innloggingsmetode med høgare sikkerheitsgrad.
Sikkerheitsnivå 4 - Innlogging med BankID, Buypass smartkort, Commfides og BankID på mobil
Loggar du inn med Commfides, BankID, BankID på mobil eller Buypass smartkort får du tilgang på det høgaste sikkerheitsnivået i Altinn. Dette sikkerheitsnivået er nødvendig blant anna for å signere kontonummerendring for refusjonar frå NAV og sende inn melding frå bustyrar.
Sikkerheitsnivå 3 - Innlogging med MinID (via ID-porten)
Vel du å logge inn med PIN-kodar frå MinID, får du tilgang til det nest høgaste sikkerheitsnivå i Altinn, og du vil få tilgang til dei fleste tenestene.
Sikkerheitsnivå 2 - Innlogging med Altinn kodebrev/SMS-kode
Med eingongskode frå Altinn kan du logge inn på sikkerheitsnivå 2. Du får tilgang til ei rekkje tenester.
Sikkerheitsnivå 1 - Innlogging med berre passord
Om du loggar inn med berre passord, får du tilgang til eit avgrensa tal tenester i Altinn. Du får ikkje tilgang til å endre mobiltelefonnummer i profilen med denne sikkerheitsgraden.
Sikkerheitsnivå 0 - Innlogging utan fødselsnummer/D-nummer
Om du ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, kan du logge inn med brukarnamn og passord som du sjølv har registrert. Det gir tilgang på sikkerheitsnivå 0 i Altinn og berre eit fåtal tenester er tilgjengelege.