Systemtilgang
Ein systemtilgang er ein upersonleg brukar i Altinn som kan opprettast for at eit fagsystem, f.eks rekneskapssystem eller lønnssystem, skal få fullmakt til å løyse oppgåver på vegne av di eiga verksemd eller for kundane til verksemda.
Med ein vanleg systemtilgang handlar du på vegne av deg sjølv. T.d. om du eig ei lita verksemd og fører rekneskapen din i Fiken. Då kan du godkjenne ein systemtilgang som ein del av Fiken sin flyt, eller du kan gå inn på altinn.no og lage den sjølve ved å trykke på “Lag ny systemtilgang”.
Er du t.d. rekneskapsførar eller revisor, kan du opprette ein systemtilgang som kan tildelast fullmakter for kundene dine. Då vil systemet kunne sende inn og hente ut data på vegne av kundane.
Denne systemtilgangen kan kun opprettast via ein flyt i det fagsystemet du vil bruke. Når du har oppretta den, går du til altinn.no og finn “Systemtilgangar” i venstremenyen. Då skal systemtilgangen ligge synleg under lista “Systemtilgangar for kundar”.
For å legge til kundane som er relevante for den systemtilgangen, vel du den aktuelle systemtilgangen i lista. Der vil du få opp kundar som er registrert på di verksemd i Einingsregisteret, eller kundar som har gitt verksemda di fullmakt direkte.
Då kan du velje “Systemtilgangar” i venstremenyen, opne den aktuelle systemtilgangen i lista med systemtilgangar for kundar, og velje “Legg til eller fjerne kundar”.
Dersom systemtilgangen ikkje er i bruk, eller du vil fjerne fullmaktene, kan du slette systemtilgangen ved å velje “Systemtilgangar” i venstremenyen, opne den aktuelle systemtilgangen i lista og trykke “Slett systemtilgang”. Har du tilordna kundar til ein systemtilgang for kundar, vil desse også bli sletta frå tilgangen.