Delegering av buroller
Når bustyrar blir registrert på konkursbuet i Einingsregisteret, kan bustyrar delegere roller på buet til medarbeidarane og kreditorane sine.
Når bustyrar blir registrert på konkursbuet i Einingsregisteret, kan bustyrar delegere roller på buet til medarbeidarane og kreditorane sine.
Delegering av buroller blir gjort i menyen Profil → Burolledelegering. Bustyrar må representere seg sjølv som privatperson for å få opp dette valet i profilen.
Bustyrar kan også delegere rolla Konkursbu tilgangsstyring til medarbeidar på kontoret, slik at også andre personar kan delegere buroller til medarbeidarar og kreditorar.
Delegering av buroller enkeltvis blir gjort frå menyen Profil → Burolledelegering > Burolledelegering enkeltvis. Pass på at du representerer bustyrar i profilen for få valet Burolledelegering i profilen.
Øvst i biletet kan du velje Vis roller tildelt brukar og Konkursbu. Det du legg inn her bestemmer kva du skal få opp i resultatlista under.
I lista for Vis roller tildelt brukar kan du velje bustyrar sitt namn.
I nedtrekkslista Konkursbu kan du velje kva konkursbu du ønskjer å sjå roller på.
Når du skal delegere buroller til ein medarbeidar eller kreditor, vel du bustyrar i lista Vis roller tildelt brukar. Deretter vel du organisasjonsnummeret til konkursbuet i feltet Konkursbu og klikker på Oppdater. Du får då opp kva roller bustyrar har på konkursbuet i lista under.
I lista under markerer du rolla(rollene) som skal delegerast. Avslutt ved å klikke på knappen Deleger.
Bustyrer får automatisk alle rollane som vert tildelt bustyret, gjennom å være registrert som bustyrer.
Burolledelegering samla er ein funksjon som lèt bustyrar delegere eller slette mange buroller til medarbeidarar og kreditorar samtidig.
Funksjonen Burolledelegering samla finn du under menyen Profil, roller og rettar > Burolledelegering når du representerer bustyrar.
Vi tilrår å laste ned fil med eksisterande rolledelegeringar, via knappen Last ned. Denne fila kan du bruke som utgangspunkt for vidare delegering eller eventuell sletting.
Du finn meir informasjon om korleis delegeringsfilen skal sjå ut under Profil → Burolledelegering
Skal du slette roller, vel du ikkje bustyrar i lista Vis roller tildelt brukar. Men vel ønskt konkursbu i lista Konkursbu og klikkar på Oppdater.
Under Deleger eller slett fleire roller veljar du alternativet Slett rollar
Du kan velje å slette ei og ei rolle ved å klikke på Slett delegering til høgre for rolla, eller du kan velje å slette fleire samtidig ved å huke av i boksen på venstre side og deretter klikke på knappen Slett.
Ver merksam på at roller som høyrer til bustyrar ikkje kan slettast direkte i Altinn, sidan bustyrar har roller som følgje av registrering i Einingsregisteret.