Delegering av buroller enkeltvis blir gjort frå menyen ProfilBurolledelegering > Burolledelegering enkeltvis. Pass på at du representerer bustyrar i profilen for få valet Burolledelegering i profilen.

Øvst i biletet kan du velje Vis roller tildelt brukar og Konkursbu. Det du legg inn her bestemmer kva du skal få opp i resultatlista under.

I lista for Vis roller tildelt brukar kan du velje bustyrar sitt namn.

I nedtrekkslista Konkursbu kan du velje kva konkursbu du ønskjer å sjå roller på.

Når du skal delegere buroller til ein medarbeidar eller kreditor, vel du bustyrar i lista Vis roller tildelt brukar. Deretter vel du organisasjonsnummeret til konkursbuet i feltet Konkursbu og klikker på Oppdater. Du får då opp kva roller bustyrar har på konkursbuet i lista under.

I lista under markerer du rolla(rollene) som skal delegerast. Avslutt ved å klikke på knappen Deleger.

Bustyrer får automatisk alle rollane som vert tildelt bustyret, gjennom å være registrert som bustyrer. 


Åpne kontaktskjema