Kontaktinformasjon
Under kontaktinformasjon vil du kunna velje der du vil varslast, og for kva. Dette gjeld både deg som privatperson og for verksemda di.
Din kontaktinformasjon i Altinn blir brukt for å sende deg varsel om skjema og tenester.
Denne kontaktinformasjonen blir brukt blant anna når etatane/kommunane ønskjer å varsle deg om ulike hendingar, foreksempel viss du har motteke eit brev i Altinn. Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendas ut varsel.
Du kan sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post ved å trykkja på meldinga du har i innboksen din og så trykkjer du på Aktivitetslogg.
Informasjonen som ligg under Din Kontaktinformasjon hentast frå kontakt- og reservasjonsregisteret. Du kan endre opplysningane dine her.
Kva er felles varslingsadresser for verksemda?
Varslingsadresser er e-postadresse og/eller mobiltelefonnummer.
Varslingsadressene vert nytta av det offentlege for å varsle verksemda om viktige meldingar som vert leverte i Altinn. Det betyr at når verksemda har oppgitt ei eller fleire varslingsadresser, slepp verksemda å få meldingane i papirpost.
Alle verksemder i Einingsregisteret har plikt til å melde minst ei varslingsadresse, jf. forskrift til enhetsregisterloven § 8a. Plikta omfattar ikkje undereiningar, men eigne varslingsadresser kan meldast for desse viss verksemda har behov for det.
Varslingsadressene er berre tilgjengeleg for offentlege myndigheiter. Verksemdene har framleis høve til å frivillig registrere e-postadresse og mobiltelefonnummer som skal vere offentleg tilgjengeleg i Einingsregisteret. Desse vil ikkje bli brukt som varslingsadresser.
Korleis melder eg varslingsadresse?
Alle verksemder som skal registrerast i Einingsregisteret må melde varslingsadresse samstundes. Dette gjeld ikkje ved registrering av undereiningar.
For eksisterande verksemder må varslingsadresse meldast eller endrast ved å gå inn på verksemda si profil i Altinn. Dette føreset at du har rett til å representere verksemda i Altinn.
Hvem kan melde varslingsadresser for virksomheten?
Følgjande roller i Einingsregisteret kan oppdatere varslingsadresser for verksemda: Dagleg leiar, styreleiar, nestleiar, styremedlem, innehavar, bubestyrar, bestyrende reiar, norsk representant for utanlandske selskap, forretningsførar eller kontaktperson.
Personar med altinnrolla Hovudadministrator eller Signerar av Samordna registermelding, kan også oppdatere varslingsadresser for verksemda.
Kva er føremålet med varslingsadresser?
Føremålet med varslingsadresser er å sikre at alle verksemder skal kunne kommunisere digitalt med det offentlege. For at verksemder skal kunne motta enkeltvedtak og andre viktige meldingar digitalt, er det offentlege pålagt å varsle om at slike meldingar er sende. Til dette må det offentlege ha tilgang på varslingsadresser. Dei skal nyttast til varsling etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd, i samband med sakshandsaming og utføring av forvaltingsoppgåver elles.
Eit forvaltningsorgan som har sendt varsel til ei innmeldt varslingsadresse, har oppfylt varslingsplikta si etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd.
Du kan lese meir om digital varslingsadresse i høyringssaka på regjeringen.no.
Din kontaktinformasjon for verksemda gjer deg varsel på dei skjema og tenester du har rett til å sjå, på vegne av verksemda. Viss du har registrert kontaktinformasjonen din her, vert du berre varsla om sendingar som du har rollar/rettar til å sjå i Altinn på den aktuelle verksemda.
Det er avsendar av meldinga som vel om det skal sendast ut varsel. Du kan sjå om det er sendt ut varsel på sms/e-post ved å trykkja på meldinga du har i innboksen din og så trykkjer du på Aktivitetslogg.
Her ser du korleis du kan få varsling berre på spesifikke tenester.
Viss du ønskjer varsling berre på spesifikke teneste kan du velje Din kontaktinformasjonen for verksemda → Varslinginnstillingar → Varsling berre for enkelttenester og velje ut frå lista kva du ønskjer varsling på.