Skjemaet kan berre brukes til å rette feil i ei a-melding du har levert med dette skjemaet før 1.oktober 2024.
Denne tenesten er erstattet av en ny teneste på skatteetaten.no. Du finn den nye forenkla a-meldinga for lønna arbeid i heimen på skatteetaten.no/arbeidiheimen.
Start tenesteSkjemaet skal berre brukes til å rette feil i ei a-melding du leverte med dette skjemaet før 1.oktober 2024.
Skjemaet er for privatpersonar som betalar lønn til tilsette som utfører arbeid i bustaden eller fritidseigedomen.
For å bruke skjemaet treng du ei av desse rollene i Altinn:
Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla
Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.
Skjemaet skal sendast inn seinast fyrste yrkedag etter du betaler ut lønn.
Betal forskotstrekket til Skatteetaten med eigen KID same dag som du har sendt inn meldinga.
Leverer du melding for lønna arbeid i heimen er du friteken frå å levere ein årleg samanstilling/årsoppgave til den ansatte.
MERK: Erstattar du ei melding du har sendt inn, må den nye meldinga vere komplett. Den nye meldinga skriv over all informasjon den meldinga du erstattar.
Har du oppgitt feil utbetalingsdato eller må slette alle opplysningane du har sendt inn, må du annullere den gamle meldinga.
Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2-3-1 eller bruk Kontaktskjema.