Alle verksemder som skal starte med reinhald må før drifta startar søkje godkjenning hos Arbeidstilsynet. Det gjeld òg dei som leiger ut personar som utfører reinhaldstenester. Det er ulovleg å selja reinhaldstenester utan offentleg godkjenning.

Start teneste

Om denne tenesta

Alle reinhaldsverksemder skal søke om offentleg godkjenning frå Arbeidstilsynet. Med reinhaldsverksemder meiner vi verksemd som sjølv tilbyr reinhaldstenester, eller som leigar ut personar som utfører reinhaldstenester.

Kva skal til for å bli godkjent reinhaldsverksemd?

Arbeidsgivarar må dokumentere at verksemda har

1. knytt seg til ei godkjent bedriftshelseteneste

Krav om vedlegg til søknaden:

  • Kopi av kontrakten med godkjent bedriftshelseteneste. Namnet og organisasjonsnummeret til bedriftshelsetenesta må vere synleg. Sjå oversikta over godkjente bedriftshelsetenester hos Arbeidstilsynet.
  • Kopi av samarbeidsplan eller siste betalte faktura.

2. verneombod og arbeidsmiljøutval (AMU) jf. arbeidsmiljøloven kap. 6 og 7
Krav om vedlegg til søknaden:

  • Kopi av kontaktinformasjon til verneombod. Verksemder med færre enn fem arbeidstakarar kan avtale anna ordning. Ho må vere skriftleg og underskrive av alle tilsette.
  • Kopi av referat frå det siste møtet i arbeidsmiljøutvalet. Verksemder med meir enn 30 tilsette skal ha AMU.

3. skriftlege arbeidsavtalar for alle grupper av tilsette i verksemda jf. arbeidsmiljøloven §§ 14-5 og 14-6
Krav om vedlegg til søknaden:

  • Kopi av utfylte og underskrivne arbeidsavtalar for ulike arbeidsordningar som blir brukte i verksemda (fast, deltid, mellombels, utleige m.v.)

 

4. oppfylt krava om minstelønn jf. forskrift om allmenngjøring av tariffavtale for renholdsvirksomheter.
Krav om vedlegg til søknaden:
Kopi av skriftleg utrekning (til dømes lønnsslipp) som viser at arbeidstakaren/arbeidstakarane får lønn etter allmenngjøringsforskriften. Lønn per time må gå fram av dokumentasjonen.

5. ei forsikringsordning som sikrar arbeidstakarane økonomisk kompensasjon ved skade eller sjukdom som kjem av arbeidet jf. lov om yrkesskadeerstatning

Krav om vedlegg til søknaden:
Kopi av den eller dei sidene i forsikringsbeviset som viser at arbeidstakaren/arbeidstakarane får utbetalt pengar dersom dei får ein yrkesskade eller -sjukdom.

Andre krav til dokumentasjon

Søker du for eit enkeltmannsføretak utan tilsette reinhaldarar der det er berre du eller ektefellen din som gjer reinhaldsarbeidet?

Da skal du legge ved dokumentasjon som viser namn og fødselsnummer.

Søker du for et ANS-/DA-selskap?

I så fall må alle deltakarar sende inn namn og personnummer.

For å ha tilgang til tenesta må du ha rollen utfyllar/innsendar.

Manglar du denne rolla, må du få nokon til å gi ho til deg. 

Kravet om godkjenning av reinhaldsverksemder finn du i forskrift om offentlig godkjenning av renholdsvirksomheter og om kjøp av renholdstjenester. Du finn forskrifta på http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-05-08-408.

Lurer du på noko? Sjå www.arbeidstilsynet.no/renhold.

Alle reinhaldsverksemder skal ha godkjenning frå Arbeidstilsynet for å kunne drive lovleg i Noreg. I tillegg skal alle reinhaldarar bere HMS-kort på jobben.

Søk om godkjenning ved å fylle ut og sende inn dette elektroniske skjemaet via Altinn. Det er Arbeidstilsynet som behandlar søknaden, og du får skriftleg melding om når du kan tinge HMS-kort.

Over ser du kva dokumentasjon du må ha på plass for å få godkjenning. Det er enklast er å fylle ut søknadsskjemaet dersom du har vedlegga klare før du startar.

Gebyr

Det er per i dag ikkje gebyr på søknad om offentleg godkjenning av reinhaldsverksemd.

Saksbehandlinga

Saksbehandlingstida er 1-8 veker for verksemder som sender inn alle nødvendige vedlegg som dokumentasjon på at verksemda oppfyller krava i forskrifta. Dersom søknaden er mangelfull eller det manglar vedlegg, vil verksemda få brev frå Arbeidstilsynet om dette, med frist for å retta opp i forholdet og senda inn ny dokumentasjon i søknadssaka.

Verksemder som ikkje oppfyller vilkåret til forskrifta, får vedtak om avslag. Dei har då ikkje lenger lov til å tilby reinhaldstenester, og det er heller ikkje tillate å kjøpa reinhaldstenester frå ei verksemd som har fått avslag og ikkje er godkjend.

Verksemder som er klarerte for kortbestilling, får vedtak om godkjenning så snart verksemda fullfører HMS-kortbestillinga for alle arbeidstakarar eller innehavar sjølv. Når verksemda er godkjend, vil ho bli oppført i registeret med status "godkjent med tilsette" eller "godkjent utan tilsette".

Årleg melding for godkjente verksemder

Godkjende verksemder skal kvart år senda melding til Arbeidstilsynet som stadfestar at verksemda framleis fyller krava til godkjenning. Frist for innsending har tidlegare vore 31. januar. Frå 2020 blir fristen endra til vedtaksdatoen for den aktuelle godkjenninga. Godkjende verksemder skal kvart tredje år senda dokumentasjon til Arbeidstilsynet som viser at verksemda framleis fyller krava til godkjenning etter § 5. Du skal ikkje senda årleg melding før du får brev frå Arbeidstilsynet med kva frist som gjeld verksemda di.

Verksemder som ikkje sender inn årleg melding, kan mista godkjenninga.

Ta kontakt med svartenesta (sjå høgre spalte) eller opprett ein kopi av søknaden, rett opp feilen og send den inn på nytt.

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema