Søk om tillating til å arbeide med asbest
Alle verksemder som skal arbeide med asbest eller asbesthaldig materiale, må søke om tillating til slikt arbeid frå Arbeidstilsynet.
Alle verksemder som skal arbeide med asbest må ha tillating frå Arbeidstilsynet. Dette gjeld rivning, reparasjon vedlikehald og anna handtering av asbesthaldig materiale. Kravet gjeld også der det er mistanke om asbesthaldig materiale.
Søknaden skal ha opplysningar om
- erfaringa dykkar med arbeid med asbest frå tidlegare
- kva type tillating de søker om
- kva metodar de skal bruke
- korleis de vil organisere og leie arbeidet
- opplæring av arbeidstakarane (med opplasting av individuelle kursbevis)
- at arbeidstakarane er funne skikka av lege til å arbeide med asbest etter ei helseundersøking
I tillegg må de legge ved instruks for arbeid med asbest. Instruksen må vere dekkande for den typen asbestarbeid de søker om tillating til. De må også legge ved eventuelle utsegner frå verneombod eller representant for dei tilsette, arbeidsmiljøutval og bedriftshelsetenesta.
Les meir om kva søknaden skal innehalde (arbeidstilsynet.no).
I tillegg til å søke om tillating for å arbeide med asbest må de også sende melding til Arbeidstilsynet før kvart asbestoppdrag (arbeidstilsynet.no).
Treng du hjelp?
Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:
Meir informasjon:
