Denne tenesta er for deg som skal registrere eller oppdatere kven som er reelle rettshavarar i verksemda.

Før du startar denne tenesta, må du finne ut om verksemda har reelle rettshavarar eller ikkje, og kven dei eventuelt er. Sjølv om verksemda ikkje har reelle rettshavarar, må skjemaet framleis sendast inn.

Informasjon om kriteria for reelle rettshavarar.

Ver merksam på at det er forskjell mellom kriteria i Lov om reelle rettshavarar og kvitvaskingslova. 

Start teneste

Om denne tenesta

Alle registreringspliktige verksemder skal registrere om dei har reelle rettshavarar eller ikkje.

Sjekk om verksemda di må registrere reelle rettshavarar

  • dagleg leiar
  • deltakar med delt ansvar
  • deltakar med fullt ansvar
  • forretningsførar
  • kontaktperson
  • kontaktperson for NUF
  • nestleiar
  • norsk representant for utanlandsk eining
  • styremedlem
  • styreleiar
  • ansvarleg revisor
  • revisormedarbeidar
  • rekneskapsførar med signeringsrett
  • rekneskapsførar utan signeringsrett
  • rekneskapsmedarbeidar

Dersom du ikkje har tilgang til å fylle ut og sende inn skjemaet, må du få delegert enkelttenesta "registrering av reelle rettighetshavere".

Skal du også sjå vedtak etter du har sendt inn opplysningar i tenesta, må du få delegert enkelttenesta "lese reelle rettighetshavere". Det er også tilstrekkeleg med rolla "post/arkiv".

Her kan du lese meir om korleis verksemda tildeler rettar og roller i Altinn.

Alle registreringspliktige verksemder må registrere reelle rettshavarar seinast 14 dagar etter at verksemda er registrert i eit offentleg register.

Dersom verksemda får nye reelle rettshavarar eller det skjer andre endringar, skal registrerte opplysningar oppdaterast seinast innan 14 dagar.

  • fullt namn
  • fødselsnummer eller d-nummer
    • fødselsdato, dersom personen ikkje har fødselsnummer eller d-nummer
  • bustadland
  • alle statsborgarskap

Du må også legge inn om personen er reell rettshavar på grunn av eigarskap, stemmerett eller rett til å peike ut eller avsette styremedlemmer eller kontroll/innflytelse på annan måte. Om kontrollen er direkte, indirekte eller gjennom avtalar skal også registrerast.

Treng du hjelp?

Sjå meir informasjon på www.brreg.no/nn/reelle-rettshavarar.

Åpne kontaktskjema