Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Løyve til å utnytte ei forsvarsviktig oppfinning

Dersom nokon ønskjer å utnytte ei forsvarsviktig oppfinning må dei på førehand søkje løyve hos Forsvaret. Søknader til Forsvaret om løyve skal sendast til Nasjonal sikkerheitsmyndighet (NSM) for behandling på vegne av Forsvaret. 

Kvifor skal skjemaet brukast?Meir om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Vil nokon utnytte ei oppfinning som nemnt i lov om forsvarsviktige oppfinningar § 2, må vedkommande inngi fullstendig skriftleg framstilling av oppfinninga til Forsvaret, eller på vanleg måte inngi patentsøknad til Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) dersom vedkommande ønskjer industrielt rettsvern for oppfinninga.

Saksbehandlingstid:

Søknaden blir handsama innan fristane i forvaltningslova i samsvar med forskrift om handsaming av saker etter lov om oppfinningar av betydning for rikets forsvar.

Gebyr:

Det er ikkje noko gebyr for handsaming av søknader.

Klagerett:

Eit vedtak kan klagast på til Forsvarsdepartementet.

Industrielt rettsvern:

For å oppnå rettsleg beskyttelse (industrielt rettsvern) for ei oppfinning, må ein levere ein patentsøknad til Patentstyret. Dersom du trur søknaden kan ha betydning for riket sitt forsvar, bør du informere Patentstyret om dette i forbindelse med innlevering av søknaden. Dette kan du gjere ved for eksempel å skrive «Forsvarsviktig søknad» på ein konvolutt som søknaden blir lagd i, og deretter legge denne konvolutten i ein «rein» konvolutt som enten blir send i posten til Patentstyret eller levert personleg. Søknader som er omfatta av lova eller som du trur kan vere omfatta av lova, skal ikkje leverast via elektroniske kanalar (som Altinn eller e-post). Sjå Patentstyret sine nettsider for nærmare forklaring.

Kontaktinformasjon

Nasjonal sikkerhetsmyndighet
Postboks 814
1306 Sandvika


E-post: postmottak@nsm.no
Telefon: 67 86 40 00