Alle verksemder som ønskjer å skjenke alkoholholdig drikk må kontakta den aktuelle kommunen for søknadsskjema.
Det kan vere ulike vedleggkrav i ulike kommunar. Krava går fram av det enkelte skjema. Det er lurt å skaffe seg eit oversikt over krava før du startar utfyllinga. Dette er det vanleg å krevje:
Planteikningar over areala i lokalet og funksjoner
Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
Dokumentasjon på styrar/avløyar si tilknyting til verksemda
Firmaattest frå Brønnøysundregistra
Skatteattest
Tildeling av skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk kan gjevast for maksimum fire år om gongen, men ikkje lenger enn 30. juni året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Behandlingstida i kommunen blir berekna til cirka tre månader. Løyve fell bort ved overdraging av verksemda. Verksemda kan likevel fortsetje på den tidligare løyva i inntil tre månader dersom bevillingsmyndigheita er underretta om dette og det blir søkt om ny løyve så snart som mogleg (seinest innan 30 dagar etter overdraginga). Dette gjeld ikkje konkurs eller dødsfall.
Alle som driv ein serveringsstad som serverer alkoholhaldig drikk, må ha skjenkeløyve. Den kan ikkje gjevast åleine, det må òg finnast ei serveringsløyve. Det blir kravd god vandel.
Løyvehavaren skal utpeike ein styrar med avløysar knytt til serveringsstaden. Styrar og avløysar må begge vere over 20 år og ha bestått kunnskapsprøven om alkohollova.
Løyve tildeles etter ei skjønnsmessig vurdering.
Den som sel, utleverer eller skjenker alkoholhaldig drikk med 22 volumprosent alkohol eller meir, må ha fylt 20 år, og den som sel, utleverer eller skjenker annen alkoholhaldig drikk, må ha fylt 18 år.
Endringar i løyver skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan til dømes skje ved skifte av styrar og avløysar for løyva, endringar i driftskonsept og endringar i eigartilhøve. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt ny løyve. Melding om endring blir sendt til kommunen, som fattar nytt vedtak.
Ikkje søknadsgebyr men bevillingsgebyr på grunnlag av forventa omsett mengd alkoholholdig drikk jf. alkoholforskrifta §6-1 og §6-2.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida er berekna til omlag 3 månader.
Vedtak om tildeling og avslag på søknad om kommunalt skjenkjeløyve jf. alkohollova kap 3. kan klagast på til Statsforvaltaren jf. alkohollova § 16-1 første ledd jf. forvaltningslova § 28 og 29.
Ein eventuell klage må vere skriftleg og grunngitt. Klaga blir send løyvestyresmakta/kommunen.