Godkjenning av organisasjon som krev inn og fordeler vederlag for offentleg framføring av lydopptak av utøvande kunstnarar sine prestasjonar
Det krevst godkjenning for at ein organisasjon skal kunne krevje inn og fordele vederlag for offentlege framføringar av lydopptak av utøvande kunstnarar sine prestasjonar. Her finn du informasjon om søknaden og krava som blir stilte for å få ei slik godkjenning.
Søkar må leggje fram relevant dokumentasjon som viser at kravet til representasjon er oppfylt, til dømes fullmakter.
Krav til ytterlegare dokumentasjon vil gå fram under behandlinga av søknaden. Krava til dokumentasjon kan variere, og Kulturdepartementet vil i kvar enkelt sak opplyse om kva for ein dokumentasjon som blir kravd.
Lov om opphavsrett til åndsverk m.v. § 21 andre ledd, i tråd med forskrift til åndsverklova §28.
Kriterier/vilkår:
For å bli godkjent må søkar vere ein organisasjon som representerer ein vesentleg del av dei kvalifiserte for vederlag.
Gebyr:
Det er ikkje knytt gebyr til søknaden.
Saksbehandlingstid:
Saksbehandlingstida kan variere alt etter kor omfattande søknaden er. Fristen skal likevel ikkje overstige 6 månader etter at all naudsynt dokumentasjon er lagt fram, i tråd med forskrift til åndsverklova § 33.
Klagerett:
Avgjerda frå Kultur- og likestillingsdepartementet er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter forvaltningslova §§ 28 og 29. Klagefristen er tre veker.
Kontaktinformasjon
Kultur- og likestillingsdepartementet
Postboks 8030 Dep,
0030 Oslo
E-post: postmottak@kud.dep.no
Telefon: 22 24 90 90
Besøksadresse: Grubbegata 1, Oslo