Registrering og/eller godkjenning av fôrvarevirksomhet
Skjemaet skal benyttes av virksomheter/foretak som starter aktivitet som er involvert i produksjon, bearbeiding, lagring, transport eller distribusjon av fôrvarer. Skjemaet gjelder også husdyrholdere/oppdrettere som blander fôr til egen besetning og bruker (rene) tilsetningsstoffer og/eller premiks. Ensileringsmidler er unntatt.
Det er ikke registreringsplikt for butikker (detaljist) som omsetter fôr til kjæledyr.
Skjemaet skal brukast av verksemder som har registreringsplikt eller godkjenningsplikt med heimel i forskrift om fôrhygiene, forskrift om TSE og/eller medisinfôrforskriften .
Nokre aktivitetar krev at verksemda må godkjennast. Les meir om registrering og godkjenning av virksomheter i fôrindustrien.
For nokre aktivitetar er søknadsbehandlinga gebyrbelagd.
Du vil få varsel og informasjon om gebyr før du sender inn søknaden.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Fullmakt for å representere føretak/undereining som er ansvarleg for drifta. Altinn lagar ny løysing for tilgangsstyring, sjå: Altinn - Mer treffsikker tilgangsstyring med nye Altinn
Det er ingen krav til vedlegg for dette skjemaet.
Når du blir registrert eller blir godkjend, får du tildelt eit registrerings- eller godkjenningsnummer som består av den internasjonale IsO-koden for Noreg (NO) og eit fleirsifra nummer. Godkjende verksemder vil i tillegg få teiknet α før NO. Verksemda blir sett på ei offentleg liste over registrerte og godkjende fôrverksemder på Godkjente produkter og virksomheter . Det er berre tillate å skaffe og nytte fôrvarer frå verksemder som er registrerte eller godkjende, og listene kan brukast til å sjekke at dei du handlar med, er registrerte eller godkjende.
Mattilsynet bruker opplysninga til å tilpasse rettleiing og risikobasert tilsyn.
Om det seinare skjer endringar i aktivitet og/eller produksjonsformer må du sende inn skjemaet på nytt. Du må då leggje inn alle opplysningane på nytt, inkludert endringane.
Om du skal avslutte ein aktivitet eller produksjonsform må du ta kontakt med Mattilsynet på telefon: 22 40 00 00 eller e-post: postmottak@mattilsynet.no.
Mattilsynet har ei samleside med informasjon om fôr.
Sjå spesielt sida om registrering og godkjenning av virksomheter i fôrkjeden og rettleiing om produksjonsformer i skjemaet.
Treng du hjelp?
Mattilsynet svarer på faglege spørsmål om skjemaet.
Ring oss på 22 40 00 00
Opningstider: 09.00 til 11.00 og 12.00 til 15.00 (kvardager).
Send e-post til postmottak@mattilsynet.no