Bruk dette skjemaet dersom du skal søkje om einerett til ei oppfinning. Dersom du søkjer patent for første gong, tilrår vi deg å følgje denne lenka for meir informasjon og eige søknadsskjema. For at ei oppfinning skal kunne vernast med patent, må den utgjere ei ny løysing på eit teknisk problem. Dette inneber at du ikkje kan vise den offentleg før søknaden er motteken av Patentstyret.
Start tenesteDersom den som søkjer er representert ved ein fullmektig, kan denne sende inn søknaden på vegner av søkjaren. Innsendaren vil også bli registrert som avsendar av søknaden i samsvar med «arkivlova».
Du kan levere skjemaet som privatperson eller på vegner av ein organisasjon. Dersom du ønskjer å representere ein organisasjon, treng du Altinn-rolla Patent, varemerke og design.
Korleis gje rettar til andre.
Oppfinninga di må utgjere ei praktisk løysing på eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og kan reproduserast. Les meir om dette på nettsidene våre.
Betaling og kvittering
Skjemaet gir deg høve til å betale søknadsgebyret ved levering. Kvittering for betalinga finn du på Altinn si kvitteringside som kjem opp når du har levert søknaden. Der kan du også velje å få kvitteringa tilsend på e-post eller du kan laste den ned til din eigen PC.
Søknaden din blir offentleg
Patentsøknaden og korrespondansen i saka er offentleg og synleg for alle på nettsidene våre 18 månader etter at søknaden blei innlevert. Vi skjermar i utgangspunktet sensitive opplysingar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å halde forretningsløyndomar unna offentlegheita. Marker tydeleg kva opplysingar i søknaden eller i vedlegg som dette skal gjelde. Vi vil deretter vurdere om opplysingane kan haldast unna offentlegheita.
Kundesenteret i Patentstyret kan svare på fagleg relaterte spørsmål.
Telefon: +47 22 38 73 00
E-post: post@patentstyret.no