Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF-1147) Vedlegg

Skjemaet utgår frå og med skattemeldinga for 2022


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1147 som skattemeldinga.

Kreditfrådrag kan krevjast av personar som blir rekna som busett i Noreg etter norsk intern rett og eventuell skatteavtale. Dersom ein formues- eller inntektspost som har kjelde i utlandet, blir skattlagd både i Noreg og i utlandet, kan det krevjast frådrag i norsk fastsatt skatt for den skatten som er betalt i utlandet. Når skattlegginga er gjennomførd i eit land som Noreg har skatteavtale med, og inntekta er omfatta av avtalen, kan det berre gjevast kreditfrådrag når det følgjer av skatteavtalen at formuen/inntekta kan skattleggjast i det andre landet, og at Noreg skal gje frådrag for den utanlandske skatten i norsk fastsett skatt. Personar som i tillegg til inntekter som er omfatta av kreditmetoden, har inntekter som er omfatta av den alternative fordelingsmetoden og/eller fordelingsmetoden med progresjonsatterhald, skal fylle ut både skjemaet RF-1147 og skjemaet. Nedsetjing av inntektsskatt på lønn og pensjon (RF-1150). Det same gjeld personar som i tillegg til inntekter som er omfatta av kreditmetoden, har hatt lønnsinntekt opptent under arbeidsopphald i utlandet med tidslengd på meir enn 12 månader og som krev nedsetjing av skatt. For nærmare informasjon, sjå tilleggsinformasjon til skattemeldinga Utland.

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema