Gevinst, tap, utbytte og formue på aksjar og andre finansielle produkt Vedlegg (RF-1159) Vedlegg

Skjemaet utgår frå og med skattemeldinga for 2022


Om vedleggskjemaet

Skjemaet skal berre fyllast ut av fysiske personar som eig eller har eigd finansielle produkt det siste kalenderåret. Med finansielle produkt meiner vi mellom anna aksjar, verdipapirfond, obligasjonar, opsjonar og andre derivat m.m. Finansielle produkt som er fylte ut på førehand i skattemeldinga, treng du ikkje levere skjema for. Det gjeld til dømes aksjar som går fram av Skatteetaten si aksjeoppgåve RF-1088, og aksjar og aksjefond som står på ein aksjesparekonto.

Ein skal gi opplysningar mellom anna om skattepliktig gevinst, frådragsgivande tap, utbytte og formue.

Framgangsmåte for bruk av RF-1159

Du fyller ut produkta du har handla med, ved å bruke nedtrekksmenyen.Legg inn formue, gevinst/tap og/eller avkastning/rente. Du treng berre å fylle ut 1 linje for kvart produkt.Når alle postane er fylt ut, får du opp ei oversikt over alt du har lagt inn. Er alt ok, klikkar du på knappen "Kontroller".Informasjonen du har lagt inn i skjemaet, blir automatisk summert og overført til rett post i skattemeldinga.

Hugs skjermingsfrådraget

Skjermingsfrådrag er eit frådrag som reduserer dei skattepliktige aksjeinntektene dine, slik at du betaler mindre skatt. Skjermingsfrådraget viser kor stort utbytte eller gevinst ein kan ta imot skattefritt.

Bruk Skatteetaten sin skjermingskalkulator på skatteetaten.no for å rekne ut dei skattefrie aksjeinntektene dine.

Trenger du hjelp?

Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema