Nedsetjing av inntektsskatt på lønn (RF-1150) Vedlegg

Skjemaet utgår frå og med skattemeldinga for 2022


Om vedleggskjemaet

Du har same frist for å levere RF-1150 som sjølvmeldinga.

Skjemaet RF-1150 skal fyllast ut av personar som krev nedsetjing av norsk skatt for å unngå dobbel skattlegging på lønn som er tent opp under arbeidsopphald i utlandet. Det er ein føresetnad at ein har krav på slik nedsetjing etter interne skattereglar eller skatteavtale.Personar som er skattemessig busette i Noreg etter norsk intern rett og etter eventuell skatteavtale kan krevje nedsetjing i norsk skatt på lønn i desse tilfella:

  • lønn som er tent opp under arbeidsopphald i utlandet som har vara i meir enn 12 månader (den såkalla eittårsregelen), eller
  • lønn som er omfatta av fordelingsmetoden med progresjonsatterhald eller den alternative fordelingsmetoden etter ein skatteavtale som Noreg har inngått med ein annan stat.

Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.

Trenger du hjelp?

Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.

Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema