Opplysningar om oppdrag skal gjevast ukrevja, snarast og seinast 14 dagar etter at arbeidet er starta. Dette gjeld for utanlandsk oppdragstakar og arbeidstakarar på oppdraget. Plikta trer inn når kontraktsummen går over NOK 20 000.
Opplysningar om oppdrag og arbeidstakarar på oppdraget blir rapportert på skjema RF-1199 «Opplysningar om kontrakt, oppdragstakar og arbeidstakarar».
Opplysningane skal rapporterast snarast, og seinast 14 dagar etter at arbeidet er starta.
Dersom det skjer endringar etter at opplysningane er gjevne, skal det gjevast korrigerte opplysningar om dette seinast 14 dagar etter at endringa fann stad.
Norsk og utanlandsk næringsdrivande samt det offentlege, som har inngått kontrakt med utanlandsk oppdragstakar om oppdrag i riket eller på kontinentalsokkelen.
Utanlandsk oppdragstakar som har arbeidstakerarar på oppdraget.
For å sende inn oppdrag frå Skatteetaten sin portal krevs skriverettar til skjemaet RF-1199.
Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har desse rollane, må du få nokon som har rollane til å delegere dei til deg.
Kontroller at du har dei nødvendige rettane i god tid før innrapporteringsfristen.
Kopi av godkjent legitimasjonsdokument må leggjast ved ved innrapportering av arbeidstakarar utan dnr/fnr.
Kopi av kontrakt mellom oppdragsgjevar og oppdragstakar kan leggast ved.
Kopi av stiftingsdokument kan leggjast ved dersom oppdragsgjevar ikkje har norsk organsisasjonsnummer.
Rapportering av oppdrag og utanlandske arbeidstakarar til Sentralskattekontoret for utanlandssaker.
I Skatteetaten sin portal er det tilrettelagt funksjonalitet for å halde oversikt over rapporterte oppdrag og arbeidstakarar, for å opprette nye oppdrag, endre oppdrag, leggje til arbeidstakarar og endre arbeidsperioder.
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Sentralskattekontoret for utenlandssaker
E-post: sfu@skatteetaten.no, att: manntall