Bruk av IKT i næringslivet (RA-0419)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om bruk av IKT, blant anna innanfor bruk av skytenester, tingas internett, kunstig intelligens og elektronisk sal. Opplysningane blir brukte til å kartleggje bruk av IKT og elektronisk handel i næringslivet.
Årleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.
SSB har lagt skjemaet tilgjengeleg i føretakets innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».