Fjernvarme og fjernkjøling (RA-0232)
Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om blant anna produksjon, forbruk i ulike sektorar, brenselforbruk i produksjonsprosessen og tekniske og økonomiske hovudtal som investeringar, inntekter og så vidare. Opplysningane belyser utviklinga i tilgjenge og bruk av fjernvarme og fjernkjøling.
Årleg.
Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.
Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.
For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett», «Ansvarleg revisor» eller "Damp og varmtvatn". Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).
Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.
SSB har lagt skjemaet tilgjengeleg i føretakets innboks.
Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».
Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».