Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Lokale folkeavstemmingar (RA-0858)

Skjemaet blir brukt til å samle inn opplysningar om lokale folkeavstemmingar som er haldne i norske kommunar. Formålet er å gi ei samla oversikt over tema, tidspunkt, stemmegiving og resultat frå folkeavstemmingar, og dessutan korleis resultatet er behandla i kommunen. Ordinære val til Stortinget, Fylkestinget eller Kommunestyret etter Vallova er ikkje ei lokal folkeavstemming og skal ikkje rapporterast gjennom skjemaet. Statistikken gir kunnskap om bruken av rådgivande folkeavstemmingar og blir brukt av media, forskingsmiljø, politiske parti, kommunar og utdanningsinstitusjonar.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Alle kommunar skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ein av desse tilgangspakkane i Altinn:

Rapportering av statistikk
Rekneskapsførar m signeringsrett
Rekneskapsførar u signeringsrett
Ansvarleg revisor

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om tilgangspakkar og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at dataa er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring