Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Olje- og gassutvinning (RA-0756 )

Alle føretak innanfor næringane 06 og 49.500 etter Standard for næringsgruppering 2007 som er med i undersøkinga, og som er registrerte med aktiv verksemd i Noreg i statistikkåret, skal gi opplysningar om driftskostnader fordelt på ulike postar, og enkelte driftsinntektspostar. Opplysningane blir nytta til å måle den økonomiske aktiviteten i næringane.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Utvinning av råolje og naturgass og kull», «Transport i rør», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett»  eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring