Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot-søknad
Skjema for å søke om tilskot til kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid innanfor helse- og omsorg i kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap, ut i frå lokale føresetnader og behov. Tilskotet er gitt av Helsedirektoratet og vert forvalta av Statsforvaltaren. Dette skjemaet nyttast av verksemder.
For å sende inn dette skjemaet må du ha ein av følgjande roller i Altinn for di verksemd: Dagleg leiar, helse- sosial- og velferdstjenester, eller regnskapsmedarbeidar.
Skjemaet er tilgjengeleg frå utlysing til søknadsfristen 01. mars.
For å fylle ut dette skjemaet må du representere ein kommune, fylkeskommune, eit interkommunalt selskap eller universitet eller ein høgskule. Kommunar kan velgje å utvikle tiltak og tenester i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, utdannings- og forskingsinstitusjonar, frivillig sektor eller andre aktørar. Ved samarbeid er kommunen økonomisk og administrativt ansvarleg, og skal stå som søker for heile prosjektet.
Fylkeskommunane kan berre søke om tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet.
Fylkeskommunane kan berre søke om tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet.
For å sende inn dette skjemaet må du ha ein av følgjande roller i Altinn for di verksemd: Dagleg leiar, helse- sosial- og velferdstjenester eller regnskapsmedarbeidar.
For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du logge inn i Altinn og sjå under menypunktet ”Profil, roller og rettar”. Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere til deg. Sjå Altinn sine hjelpesider for rettleiing om roller og rettar.
Treng du hjelp?
Teknisk brukerstøtte: https://www.statsforvalteren.no/hjelp