Melding frå norsk skule i utlandet
Norske skular i utlandet kan bruke dette skjemaet for å sende sikker melding til Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus.
For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for verksemda di, må du ha ei rolle, ei tilgangspakke eller ein rett til ei enkeltteneste for verksemda di i Altinn.
Det er rollene «Hovudadministrator» og «Tilgangsstyring» i verksemda som kan tildele tilgang for verksemda. Tilgang kan givast på tre måtar:
- Enkeltteneste: Du kan få tildelt enkeltteneste berre til dette skjemaet.
- Tilgangspakke(-r): For å kunne nytte dette skjemaet, må du ha følgjande tilgangspakker for verksemda:
- Statsforvaltar – skule og opplæring
- Rolle: Fram til 19.6.2026 er det mogleg å tildele rolle i Altinn. Det er rollene «Utfyllar/innsendar» og «Dagleg leiar» som gir deg tilgang til dette skjemaet.
Roller kan ikkje nyttast etter 31.12.2026. Frå 1.1.2027 er det berre enkeltteneste og tilgangspakke som gir tilgang til å bruke skjemaet.
Treng du hjelp?
Teknisk brukerstøtte https://www.statsforvalteren.no/hjelp