Digitoll Portal
Tenesta er ei samhandlingsløysing i Digitoll som legg til rette for kopling av meldingar og samarbeid mellom ulike aktørar.
Løysinga tilbyr fire sentrale funksjonar:
1. Innsyn i eigne meldingar
Verksemder får oversikt over meldingar dei sjølv har sendt inn til Tolletaten.
2. Gi autorisasjon til andre verksemder
Ei verksemd kan gi andre aktørar tilgang til å sjå eigne meldingar. Formålet er å gjere det mogleg for autoriserte aktørar å kople desse meldingane til eigne.
3. Sjå meldingar ein er autorisert til å få innsyn i
Verksemder kan sjå meldingar dei har fått tilgang til frå andre, og bruke desse i eigne koplingar.
4. Opprette koplingar mellom eigne og andre sine meldingar
Aktørar kan etablere koplingar mellom eigne innsende meldingar og meldingar dei har fått tilgang til frå andre.
Treng du hjelp?
Telefon: 22 86 03 12