Arbeidsgjevaravgift

Som arbeidsgjevar har du ansvar for å rekne ut og betale inn arbeidsgjevaravgift.


Soner for differensiert arbeidsgivaravgift

Dei enkelte kommunane er plasserte i ulike soner med tilhøyrande differensierte avgiftssatsar. Satsen for utrekninga av arbeidsgjevaravgift varierer mellom 0 og 14,1 prosent alt etter kor i landet verksemda er lokalisert. Grunnlaget for utrekninga er i utgangspunktet brutto lønn.
Dersom du driv verksemder i fleire kommunar skal du som hovudregel rekne ut arbeidsgjevaravgift etter satsen som gjeld i den kommunen verksemda er registrert.

Skatteetaten om arbeidsgiveravgift

Skatteetaten – soneplassering

Skatteetaten - avgiftssatser og beregning

Dersom du er tilsett i eige aksjeselskap skal det også reknast ut og betalast arbeidsgjevaravgift av eiga lønn.
Innehavarar av enkeltpersonføretak skal likevel ikkje rekne ut arbeidsgjevaravgift av private uttak.

Ekstra arbeidsgivaravgift

Dersom arbeidstakar si lønn og anna godtgjersle for arbeid overstig 850 000 kroner, skal arbeidsgivar betale 5 prosent ekstra arbeidsgivaravgift på den delen som overstig 850 000 kroner.

Eksempel:

Om ein tilsett har hatt inntekt på 950 000 kroner hos same arbeidsgivar i 2024, vil det vere 100 000 kroner (lønn som overstig 850 000 kroner) arbeidsgivar skal berekne 5 prosent ekstra arbeidsgivaravgift av.

Sone I (14,1%) Sone IV (5,1)
Ordinær arbeidsgivaravgift 950 000 * 14,1% = 133 950 kroner 950 000 * 5,1% = 48 450 kroner
Ekstra arbeidsgivaravgift 100 000 * 5% = 5 000 kroner 100 000 * 5% = 5 000 kroner
Totalsum arbeidsgivaravgift = 138 950 kroner = 53 450 kroner

Skatteetaten om ekstra arbeidsgivaravgift

Rapportering og betaling

Forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift skal innbetalast seks gonger i året. Grunnlaget for betalinga finn du i a-meldinga som du plikter å rapportere den 5. i månaden etter utbetaling av lønn eller andre godtgjersler. Det vert ikkje sendt ut eit eige krav frå skattemyndigheitene.

Folketrygdloven om plikt til å betale arbeidsgiveravgift

Kontakt og hjelp:

Skatteetaten

Åpne kontaktskjema