Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift
Som arbeidsgjevar må du rekne ut og betale forskotstrekk (skattetrekk) og arbeidsgjevaravgift av lønnsutbetalingar. Betaling av forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift vert gjort seks gonger i året
Fristar for betaling
1. termin – 15. mars
2. termin – 15. mai
3. termin – 15. juli
4. termin – 15. september
5. termin – 15. november
6. termin – 15. januar
Fell fristen på ei helg eller ein helligdag er det første kvardag etter fristen som gjeld.
Grunnlag
Grunnlaget for kva du skal betale finn du i a-meldinga som du har levert dei to føregåande månadene.
Kven skal du betale til?
Betalinga vert som hovudregel gjort til Skatteetaten. Når du leverer a-meldinga får du ei tilbakemelding der kontonummer, KID og kven du skal betale til går fram. Tilbakemeldinga finn du i "Innboksen" i Altinn eller i lønnssystemet. Du må sjølv summere dei to månadene før betaling.
Skatteetaten om betaling av forskuddstrekk og arbeidsgiveravgift