Krav til reiserekning

Det er strenge krav til innhaldet i ei reiserekning. Ved mangelfull informasjon risikerer mottakaren å måtte skatte for utbetalingane.


Ei reiserekning skal innehalde

  • Tilsette sitt namn, si adresse og underskrift (eventuelt ved elektronisk signatur)
  • Dato og klokkeslett for avreise og heimkomst
  • Formålet med reisa
  • Kva for arrangement arbeidstakaren har delteke på 

 

Ved krav om diettgodtgjersle ved overnatting må reiserekninga også innehalde følgjande: 

  • Namn og adresse på overnattingsstaden. Dette gjeld ikkje når den tilsette ordnar overnattinga sjølv og får nattillegg - for eksempel ved privat overnatting. Ved fleire overnattingsstadar, også dato for overnattingane.
  • Type overnatting fordelt på hotell, pensjonat eller privat innkvartering  

 

Ved krav om bilgodtgjersle må reiserekninga også innehalde: 

  • Reiserute med opplysningar om utgangs- og endepunkt, lokal køyring på oppdragsstaden og eventuell årsak til omkøyringar
  • Totalt køyrd distanse, for eksempel rekna ut på grunnlag av kilometerteljaren til bilen ved byrjing og slutt av kvar tenestereise, GPS-basert elektronisk køyrebok eller nettbasert kartprogram
  • Namn på passasjerar det krevst passasjertillegg for 

 

Ved refusjonar må reiserekninga også innehalde:

  • Kvitteringar for alle kostnader (for eksempel fly, drosje og overnatting) 


Enkelte småutgifter som bompengar, parkeringsavgifter o.l. kan påførast utan at det krevst kvittering.

Skattebetalingsforskriften om legitimasjonskrav

Åpne kontaktskjema