Særskilt vern mot oppseiing

I visse situasjonar har arbeidstakarar særskilt oppseiingsvern. I slike tilfelle vil ei oppseiing bli rekna som usakleg med mindre arbeidsgivaren kan dokumentere det motsatte.


Vern mot oppseiing ved sjukdom

Ein arbeidstakar som heilt eller delvis er borte frå arbeidet på grunn av ulukke eller sjukdom kan ikkje seiast opp dei første 12 månadene etter at han/ho blei arbeidsufør, med mindre det er heilt tydeleg at oppseiinga har ei anna grunngjeving.

Arbeidsmiljølova om vern mot oppseiing ved sjukdom

Arbeidstilsynet om oppseiing

Vern mot oppseiing ved svangerskap og etter fødsel eller adopsjon

Ein arbeidstakar som er gravid kan ikkje seiast opp av den grunn. Oppseiing under graviditet skal reknast for å skuldast graviditeten dersom ikkje noko anna vert gjort mest sannsynleg. Det same gjeld for arbeidstakarar som har svangerskapspermisjon, omsorgspermisjon, fødselspermisjon eller foreldrepermisjon i inntil eitt år, eventuelt utvida foreldrepermisjon i inntil to år eller delvis foreldrepermisjon i inntil tre år. Ved lovleg oppseiing med fråtreding innanfor foreldrepermisjonen byrjar oppseiingstida først etter at permisjonen er over.

Likestillings- og diskrimineringsombodet om graviditet og oppseiing

Arbeidsmiljølova om vern mot oppseiing ved svangerskap, fødsel og adopsjon

Vern mot oppseiing ved militærteneste

Ein arbeidstakar kan ikkje seiast opp på grunn av pliktig eller frivillig militærteneste, eller frivillig tenestegjering i inntil to år i internasjonale fredsoperasjonar. Oppseiing omgåande før eller under slik teneste skal reknast for å komma av tenesta dersom ikkje anna blir hovudsakleg gjort sannsynleg.

Arbeidsmiljølova om vern mot oppseiing ved militærteneste

Vern mot oppseiing ved varsling

Du har ikkje lov til å seie opp eller utføre anna form for gjengjelding mot ein arbeidstakar som varslar om kritikkverdige forhold etter varslingsreglane. Dersom ein arbeidstakar legg fram opplysningar som gjev grunn til å tru at han eller ho er blitt utsatt for gjengjelding, vil dette leggjast til grunn med mindre arbeidsgivaren sannsynleggjer noko anna.

Arbeidstilsynet om varsling av kritikkverdige forhold i verksemda

Arbeidsmiljølova om vern mot gjengjeldelse ved varsling

Åpne kontaktskjema