Ferieavvikling ved sjukdom, under foreldrepermisjon og i oppseiingstid

Ved sjukdom før eller under ferie kan den tilsette ha krav på utsett eller ny ferie. For ferieavvikling under foreldrepermisjon, militærteneste og i oppseiingstid gjeld eigne reglar.


Sjukdom før eller i ferien

Arbeidstakarar som blir sjuke før ferien, kan krevje at ferien vert utsett til seinare i ferieåret. Den tilsette må skaffe legeerklæring og levere krav om utsetjing seinast dagen før ferien startar.

Arbeidstakar som blir sjuk delar av eller heile ferien, kan krevje tilsvarande tal dagar ferie seinare i ferieåret. Også her må arbeidstakar skaffe legeerklæring, og levere kravet snarast mogleg etter at arbeidet er teke opp att.

Retten til å utsetje feriedagane eller få nye feriedagar gjeld berre for dei lovbestemde feriedagane.

Arbeidstilsynet om ferie

Arbeidstilsynet om sjukdom i ferien

Ferieloven om sjukdom i ferien

Ferielova

Ferie og foreldrepermisjon

Arbeidstakar har rett, men ikkje plikt til å avvikle lovbestemd ferie i løpet av permisjonstida når han/ho får foreldrepengar. Permisjonen vert då forskyvd tilsvarande perioden ein har ferie.

Ferie og militærteneste

Viss nokon av dine tilsette må gjennomføra pliktteneste i Heimevernet eller Sivilforsvaret, eller i repetisjonsøving i Forsvaret, kan du ikkje påleggje dei å ta ferie samtidig. Kolliderer plikttenesta saman med allereie fastsett ferie, kan arbeidstakaren krevje utsetjing av feriedagane.

Ferie i oppseiingstida

Du kan ikkje leggje ferie til oppseiingstida viss arbeidstakaren ikkje er samd r i dette. Unntaket er dersom dei har ein oppseiingsfrist tre månader eller meirs.

Ferielova om ferie i oppseiingstida

 

Åpne kontaktskjema