Arbeidsavtale
Alle arbeidstakarar skal ha ein skriftleg arbeidsavtale. Som arbeidsgjevar har du ansvar for å utarbeide denne. Kravet om arbeidsavtale gjeld både faste stillingar, mellombelse tilsetjingar og ekstrahjelpar/tilkallingshjelp.
Skriftleg arbeidsavtale
Arbeidsavtalar skal vera skriftlege. Avtalen bør inngåast før arbeidstakaren byrjar, og seinast sju dagar etter at arbeidstakaren har byrja. Dersom arbeidsforholdet skal vare mindre enn ein månad, og ved utleige av arbeidskraft, må arbeidsavtalen alltid inngåast før arbeidsforholdet byrjar.
Arbeidstilsynet om skriftleg arbeidsavtale
Innhald i arbeidsavtalen
Arbeidsavtalen skal innehalde informasjon om alle vesentlege vilkår for tilsetjingsforholdet. Arbeidstilsynet har utarbeidd ein standard arbeidsavtale som dekkjer minstekrava til innhald i ein arbeidsavtale. Arbeidsavtalen finst på (bokmål og nynorsk), engelsk, bulgarsk, litauisk, latvisk, estisk, polsk, rumensk, vietnamesisk og russisk.
Arbeidstilsynet – mal for arbeidsavtale
Frist for oppdatering av avtalen
Når det skjer endringar i arbeidsforholdet, skal arbeidsavtalen oppdaterast. Endringar i arbeidsforholdet skal inn i arbeidsavtalen seinast den dagen endringa trer i kraft. Kravet om å ta inn endringar gjeld ikkje viss det er endringar som kjem av endringar i lover, forskrifter eller tariffavtalar.
Konkurransebegrensande klausular
Med konkurranseavgrensande klausular (oftast som del av arbeidskontraktar) meiner ein avtalar som avgrensar tilgangen for arbeidstakaren til å byrje hos annan arbeidsgjevar eller starte/drive anna verksemd etter at arbeidsforholdet stansar. Moglegheita til å inngå konkurranseavgrensande avtalar er regulert. Slike avtalar kan ikkje gjerast gjeldande meir enn eitt år etter at arbeidsforholdet er avslutta, og kan ikkje gjerast gjeldande dersom arbeidstakaren vert sagt opp på grunn av forhold ved verksemda. Arbeidstakaren har krav på lønnskompensasjon i dei tilfella avtalen vert gjord gjeldande.
Arbeidsmiljøloven om konkurransebegrensande avtaler i arbeidsforhold