Fast eller mellombels tilsetjing
Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal tilsetjast fast. På visse vilkår og i visse situasjonar er det likevel mogleg å tilsetje mellombels eller nytte innleigd arbeidskraft.
Fast tilsetjing er hovudregelen
Med fast tilsetjing meiner ein at tilsetjinga er løpande og tidsuavgrensa, at arbeidstakar blir sikra føreseielegheit for arbeid i form av reelt stillingsomfang, og at reglane om opphøyr av arbeidsforhold gjeld. Det skal kome fram i arbeidsavtalen kor mykje arbeidstakaren skal arbeide (for eksempel ved å oppgje stillingsprosent).
Oversikt over moglegheitene for fast tilsetjing/mellombels tilsetjing/innleige
Type tilknyting | Hovudtrekk | Heimel |
---|---|---|
Fast tilsetjing | Hovudregelen | Arbeidsmiljølova § 14-9 |
Mellombels tilsetjing | Avtale om mellombels tilsetjing: | Arbeidsmiljøloven § 14-9 a-e |
- | a) når arbeidet er av mellombels karakter | - |
- | b) for arbeid i staden for ein annan eller andre (vikariat) | - |
- | c) for praksisarbeid | - |
d) med deltakar i arbeidsmarknadstiltak i regi av NAV | ||
- | e) med idrettsutøvarar, idrettstrenarar, domarar og andre leiarar innan den organiserte idretten | - |
Innleige av arbeidstakarar | Som hovudregel tillate i same utstrekning som det kan avtalast mellombels tilsetjing etter bokstav b-e over. | Arbeidsmiljølova § 14-12 |
Innleige av arbeidstakarar frå andre føretak | Tillate på visse vilkår når den innleigde arbeidstakaren er fast tilsett hos utleigaren. | Arbeidsmiljølova § 14-13 |
Bruk av sjølvstendige konsulentar | Kan grense mot innleige/tilsetjing. Må gjerast ei konkret vurdering. | Arbeidsmiljølova § 14-13 og Folketrygdlova § 1-10 |
Når er mellombels tilsetjing lov?
Mellombels tilsetjing må vere nødvendig, behovet må vere mellombels, og den mellombelse tilsetjinga må ikkje vere for langvarig. Både forskjellar i arten til arbeidet (som skil seg frå det ordinære), og markerte forskjellar i arbeidsmengda kan gje grunnlag for mellombels tilsetjing. Grunnlaget for den mellombelse tilsetjinga skal kome fram av arbeidsavtalen.
- Eksempel på tilfelle som kan gje grunnlag for mellombels tilsetjing fordi arbeidet er av mellombels karakter:
- kortvarige toppar i arbeidsmengda
- mellombels tilsetjing i påvente av søkjarar med særlege formelle kvalifikasjonar som krevst for stillinga
- sesongvariasjonar
Arbeidstilsynet om mellombels tilsetjing
Krav på fast stilling etter langvarig mellombels tilsetjing
Avhengig av på kva grunnlag arbeidstakaren er mellombels tilsett, vil han eller ho ha krav på fast stilling ved tilsetjing i meir enn tre år. Eit arbeidsforhold kan bli tolka som samanhengande sjølv om det er mindre avbrot mellom fleire midlertidige tilsettingsforhold. Ved midlertidige tilsettingar som blei inngåtte før 1. januar 2024, grunna i at arbeidet er av midlertidig karakter, har arbeidstakar krav på fast tilsetting dersom arbeidsforholdet varar lengre enn fire år.
Arbeidstilsynet om kor lenge ei midlertidig tilsetting kan vare
Ekstrahjelp (tilkallingsvikarer)
Ved bruk av ekstrahjelp/tilkallingsvikarar/tilkallingshjelp må ein ha ein avtale i botn. Tilkallingsvikarar er mellombels tilsett for kvart enkelt oppdrag. Det er berre tillate å nytta tilkallingshjelp i den grad behovet blir omfatta av reglane om mellombels tilsetjing. I utgangspunktet er det mogleg å nytta denne typen avtalar for å ta unna toppar i arbeidsbelastninga.
Rett til fast tilsetjing ved brot på reglane
Ved brot på reglane om mellombels tilsetjing, skal retten, dersom arbeidstakaren krev dette, normalt slå fast at arbeidstakaren har eit fast arbeidsforhold. Arbeidstakaren vil kunne krevje erstatning frå arbeidsgjevaren.
Drøfting av bruken av deltid, mellombels tilsetjing
Som arbeidsgjevar skal du minst ein gong i året drøfte bruken av deltid, mellombels tilsetjing og praktiseringa av kravet om likebehandling med dei tillitsvalde. Både grunnlaget, omfanget og konsekvensar for arbeidsmiljøet skal vere tema. Tvist om utvida stilling eller fortrinnsrett for deltidstilsette blir avgjord av tvisteløysingsnemnda.
Innleige av arbeidstakarar
Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal tilsettast fast i verksemda dei jobbar i. På enkelte vilkår og i enkelte situasjonar er det likevel mogleg å bruke innleigd arbeidskraft.