Kva for plikter har du som arbeidsgjevar

Som arbeidsgjevar har du mange plikter overfor dei tilsette. Dei viktigaste pliktene i forholdet til ein arbeidstakar er omtala i arbeidsmiljølova, folketrygdlova, lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP-lova) og ferielova.


Tips til deg som arbeidsgivar

  • Ansettelse: I hovudsak bestemmer du sjølv om du ønskjer å tilsetje nokon, men det er nokre unntak frå retten du har til å velje fritt. Det er blant anna ikkje lov å gjere skilnad på søkjarar på bakgrunn av kjønn, graviditet, foreldrepermisjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, politisk syn eller medlemskap i ein arbeidstakarorganisasjon. Deltidstilsette og tilsette som i løpet av det siste året har vorte nedbemanna, vil ha ein fortrinnsrett.
  • Tilsetingsform: Utgangspunktet er at arbeidstakarar skal tilsetjast fast, men i visse tilfelle har du moglegheit til å nytte mellombels tilsetjing eller å leige inn arbeidskraft.
  • Arbeidsavtale: Alle tilsette skal ha skriftleg arbeidsavtale med alle vesentlege vilkår for arbeidsforholdet. Det er avgrensingar i kva for arbeidstid som kan avtalast.
  • Lønn: Ved fastsetjing av lønn må du for visse bransjar ta omsyn til reglane om minstelønn.
  • Utenlandske arbeidstakarar: Dersom du skal tilsetje utanlandske arbeidstakarar er det ditt ansvar å sjekke at han eller ho har rett til å arbeide i Noreg.
  • Pensjon og forsikring: Dei fleste arbeidsgjevarane må teikne tenestepensjonsordning for dei tilsette, og du må teikne yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
  • Skatt og arbeidsgivaravgift: Som arbeidsgjevar skal du utbetale lønn, trekkje skatt og betale arbeidsgjevaravgift. Alle lønns- og tilsetjingsforhold skal rapporterast månadleg via a-meldinga.
  • Arbeidstid og overtid: Arbeidstid er den tida arbeidstakar står til disposisjon for arbeidsgivar. Regelverket har grenser for arbeidstid, krav om pausar og dagleg og kvar veke fri. Du må sørgje for at regelverket om avgrensingar i retten til bruk av overtid blir halden. 
  • Opplæring: Sørg for at dei tilsette får den opplæringa og instruksjonen dei treng for å utføra arbeidet på ein sikker måte og for å kunna meistra arbeidsoppgåvene sine.
  • Ferie: Som arbeidsgjevar har du ansvar for at arbeidstakarane tek ut den lovbestemde ferien.
  • Permisjon: Arbeidstakarar har i visse tilfelle rett til lønna eller ulønna permisjon, blant anna i samband med fødsel og utdanning.
  • Sykepenger: Som arbeidsgjevar har du ansvar for å betale sjukepengar dei første 16 kalenderdagane når arbeidstakaren er sjuk. Deretter tek Nav over ansvaret. Du må også følgje opp sjukemelde arbeidstakarar og føre statistikk over sjukefråværet.
  • Personvern: Du må sette deg inn i reglane om arbeidstakar sin rett til personvern på arbeidsplassen. Dette gjeld blant anna kva kontrolltiltak du kan gjennomføre, bruk av personalmapper og utsending av lønnslipp.
  • Arbeidsmiljø: Som arbeidsgjevar har du ansvar for at arbeidstakarane har eit forsvarleg arbeidsmiljø og at regelverket i arbeidsmiljølova med tilhøyrande forskrifter vert etterlevd.
  • Meldeplikt: Ved arbeidsulukker, yrkesskadar eller yrkessjukdom har du meldeplikt til Nav. Ved ulukker som medfører alvorleg personskade eller dødsfall må du straks varsle Arbeidstilsynet og politiet.
  • Permittering: Ved mellombels ordremangel, ulukker eller naturhendingar som gjer det nødvendig å innskrenke eller stanse drifta, har du moglegheit til å permittere arbeidstakarar.
  • Oppsigelse: Dersom det på grunn av forhold i verksemda eller forhold knytte til arbeidstakaren vert nødvendig å gå til oppseiing, er det viktig å gå fram på riktig måte. Ver merksam på at visse grupper har eit særskilt vern mot oppseiing.
Åpne kontaktskjema