Informasjon og drøfting i verksemd og konsern med over 50 tilsette

I alle verksemder som har over 50 tilsette skal arbeidsgivar informere om og drøfta spørsmål av betydning med arbeidstakaranes tillitsvalde. For konsern med over 50 tilsette gjeld spesielle reglar om informasjon og drøfting.


Informasjon og drøfting i verksemd med over 50 tilsette

I verksemd som jamleg har over 50 arbeidstakarar, må arbeidsgivar dele informasjon om og drøfte viktige saker som påverkar arbeidsforholda til dei tilsette. Plikta til informasjon og drøfting omfattar:

a) informasjon om aktuelle og forventa utvikling av aktivitetane for verksemda og økonomiske situasjon
b) informasjon om og drøfting av noverande og forventa tilsetjingsforhold i bedrifta, inkludert eventuelle nedskjeringar og tiltak arbeidsgivar vurderer i samband med dette
c) informasjon om og drøfting av avgjerder som kan føre til store endringar i korleis arbeidet blir organisert eller i tilsetjingsforhold

Informasjon og drøfting i konsern med over 50 tilsette

Konsernet må lage rammer for samarbeid, informasjon og drøfting mellom føretak og arbeidstakarane i konsernet. Når me snakkar om konsern, meiner vi her eit morselskap og eitt eller fleire dotterselskap. Eit selskap blir sett på som eit morselskap viss det gjennom avtalar eller eigarskap har bestemmande innverknad over eit anna selskap. Hovudansvaret ligg hos morselskapet. Samarbeidsforma skal lagast i samråd med eit fleirtal av arbeidstakarane i konsernet, eller ein eller fleire lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av arbeidstakarane i konsernet. Planar om utvidingar, kutt eller endringar som kan påverke fleire føretak i konsernet, må informerast om og diskuterast så tidleg som mogleg.

Arbeidsmiljølova om krav til informasjon og drøfting

 

Åpne kontaktskjema