Obligatorisk tenestepensjon (OTP)

Dei fleste arbeidsgjevarane må opprette ei tenestepensjonsordning for dei tilsette.


Når må du opprette pensjonsordning

Du må opprette pensjonsordning for dine tilsette når verksemda oppfyller minst eitt av desse vilkåra:

  • Verksemda har minst ein arbeidstakar utan eigarinteresser i føretaket, som har ei arbeidstid og lønn i føretaket som utgjer 75 prosent eller meir av full stilling.
  • Verksemda har minst to personar som begge har ei arbeidstid og lønn som utgjer 75 prosent eller meir av full stilling, og minst ein av arbeidstakarane har eigarinteresse i føretaket. 
  • Verksemda har personar i føretaket som kvar har ei arbeidstid og lønn som utgjer 20 prosent eller meir av full stilling, og som til saman utfører arbeid som svarar til minst to årsverk.

Når verksemda har plikt til å ha tenestepensjonsordning, skal alle arbeidstakarane som har fylt 13 år meldes med verknad frå første arbeidsdag.Utbetaling av lønn på under 1000 kroner per år medfører ikkje plikt til innmelding i tenestepensjonsordninga, med mindre lågare eller ingen minstekrav er fastsett i pensjonsordninga.

Pensjonsordninga må seinast opprettast innan seks månader etter at plikta til å etablere ei pensjonsordning tredde inn. Dersom du som arbeidsgjevar opprettar ordninga for seint må du etterbetale det som skulle vore innbetalt i samsvar med lova. Verksemda får skattefrådrag for innbetalingar til pensjonsordninga. Det skal reknast arbeidsgjevaravgift av pensjonsinnbetalingane og kostnader knytte til avtalen.

Skatteetaten om OTP og krav til deg som arbeidsgjevar

Ulike typar OTP-ordningar/pensjonsordningar

Lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP-lova) seier at verksemdskal ha ei pensjonsordning som følgjer føresegnene i innskotspensjonslova, tenestepensjonslova eller føretakspensjonslova. Det er opp til arbeidsgjevar kva type ordning som skal opprettast.

Lov om obligatorisk tjenestepensjon (OTP-loven)

Innskotspensjon

Innskotspensjon er den vanlegaste pensjonsordninga. I ei innskotsbasert pensjonsordning blir årleg innskot fastsett som ein prosentdel av lønn (minimum 2 prosent). Pensjonsutbetalingane vil avhenge av innbetalingane og avkastninga av desse.

Lov om innskuddspensjon i arbeidsforhold

Føretakspensjon

I ei føretakspensjonsordning (også kalla ytingsordning) skal den tilsette sikrast eit avtala pensjonsnivå, når ein også tar omsyn til pensjon frå folketrygda. Premien varierer frå år til år, og stig med lønnsutviklinga.

Lov om føretakspensjon

Tenestepensjon

Tenestepensjon er ein kombinasjon av innskots- og føretakspensjon. Arbeidsgjevar skal i oppteningsperioden byggje opp medlemmene si pensjonsbehaldning ved årlege innskot i prosent av lønn. Pensjonsbehaldninga sikrar ei fastsett utbetaling frå pensjonsalder.

Lov om tenestepensjon

Permittering og obligatorisk tenestepensjon

Arbeidsgjevar har ikkje plikt til, men kan fortsette sparing til tenestepensjon for permitterte arbeidstakarar. Vilkåra for dette skal gå fram av regelverket for permisjonsordninga/forsikringsavtalen som er inngått, og eventuelle avtalar som er inngått mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar (tariffavtalar og arbeidsavtalar).

Dersom regelverket/forsikringsavtalen ikkje seier noko om dette, er det mogleg for arbeidsgjevaren å endre avtalen med pensjonsleverandøren slik at permitterte fortsett å vere med i pensjonsordninga.

Når arbeidstakar sluttar - pensjonskapitalbevis og fortsettingsforsikring

Arbeidstakar som sluttar i bedrifta, skal meldast ut av verksemda si pensjonsordning, og vil få tilsend eit pensjonskapitalbevis frå pensjonsleverandøren. Dette beviset gir arbeidstakaren rett til pensjonsutbetaling frå pensjonsalder. Arbeidstakarar som blir melde ut av verksemda si pensjonsordning, skal også bli gitt eit tilbod om å fortsetje pensjonssparinga sjølve. Denne moglegheita har arbeidstakar i seks månader etter at medlemskapet er avslutta.

Dersom du ikkje opprettar ei pensjonsordning

Dersom du er OTP-pliktig og ikkje har oppretta ei pensjonsordning, vil du ved eit tilsyn bli pålagt å opprette ei pensjonsordning. Om pålegget om oppretting ikkje er følgd innan ein fastsett frist, vil du få tvangsmulkt. Tvangsmulkta er 250 kroner per tilsett, per dag, fram til det er dokumentert at pensjonsordninga er oppretta.

Forskrift om tvangsmulkt etter OTP-lova

 

Åpne kontaktskjema