Obligatoriske og frivillige forsikringar
Alle arbeidsgivarar må teikne yrkesskadeforsikring for sine tilsette. Enkelte forsikringar kan vere pålagde ut frå bransjen du driv innanfor. Nokre forsikringar er obligatoriske (lovpålagde), men dei fleste er frivillige. Du bør bruke tid på å finne ut kva forsikringar som vil vere aktuelle for verksemda di.
Yrkesskadeforsikring
Alle arbeidsgivarar (det vil seie alle som har nokon i si teneste) må teikne yrkesskadeforsikring for arbeidstakarane sine. Yrkesskadeforsikring teiknar ein hos private forsikringsselskap. Forsikringa skal gje erstatning for skadar og sjukdomar påførte i samband med jobb, utan omsyn til om nokon har skuld i skaden.
Yrkesskadeforsikringa skal blant anna dekkje:
- skade og sjukdom forårsaka av arbeidsulukke (yrkesskade)
- sjukdom som etter folketrygdlova vert likestilt med yrkesskade
- skade og sjukdom som kjem av påverking frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar
- erstatning som følgje av tap av arbeidsevne og inntekt
- utbetaling til ektefelle eller sambuer ved dødsfall
Folketrygdlova om yrkessjukdomar som vert likestilt med yrkesskade
Bedrifta di får skattefrådrag for kostnadene, og det er ikkje arbeidsgivaravgift på yrkesskadeforsikring. Nærmare opplysningar får du hos forsikringsselskap som tilbyr yrkesskadeforsikring.
Arbeidstilsynet om yrkesskadeforsikring
Forskrift om standardisert erstatning (yrkesskade)
Sjølvstendige næringsdrivande har ikkje automatisk rett til særytingar ved yrkesskade/yrkessjukdom
Arbeidstakarar som blir ramma av ein yrkesskade eller yrkessjukdom har rett til særytingar frå folketrygda. Dette gjeld blant anna pensjon, helsetenester, sjukepengar, uføretrygd, omstillingsstønad til etterlatne, barnepensjon og alderspensjon.
Sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar har derimot ikkje automatisk rett til slike ytingar ved yrkesskade eller yrkessjukdom. For å få rett til desse ytingane må sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar teikne "frivillig trygd med rett til særytingar ved yrkesskade" hos NAV.
NAV om frivillig yrkesskadetrygd for sjølvstendige næringsdrivande og frilansarar
Frivillig yrkesskadeforsikring for sjølvstendig næringsdrivande
Som sjølvstendig næringsdrivande (innehavar av enkeltpersonføretak eller deltakar i ansvarleg selskap) er du ikkje pålagt å ha yrkesskadeforsikring for deg sjølv. Du kan likevel velja å teikne yrkesskadeforsikring. Yrkesskadeforsikring blir teikna hos private forsikringsselskap. Forsikringa skal gi erstatning for skadar og sjukdommar påført i samband med jobb, utan omsyn til om nokon har skuld i skaden. Yrkesskadeforsikringa skal mellom anna dekkja:
- skade og sjukdom forårsaka av arbeidsulykke (yrkesskade)
- sjukdom som etter folketrygdlova blir likestilt med yrkesskade
- skade og sjukdom som kjem av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar
- erstatning som følgje av tap av arbeidsevne og inntekt
- utbetaling til ektefelle eller sambuer ved dødsfall
Frivillig sjukepengeforsikring for sjølvstendige næringsdrivande
Sjølvstendige næringsdrivande utan sjukepengeforsikring har rett til sjukepengar med 80 prosent av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukefråværsdag. Som sjølvstendig næringsdrivande kan du forsikre deg hos NAV for å få betre sjukepengedekning. Det finst tre ulike forsikringsalternativ.
NAV om sykepengeforsikring for sjølvstendige næringsdrivande
For å søkje om sjukepengeforsikring for sjølvstendig næringsdrivande fyller du ut skjemaet:
Søknad frå sjølvstendige næringsdrivande om opptak/ endring i forsikring for tillegg til sjukepengar
Frivillig sjukepengeforsikring for frilansarar
Frilansarar utan sjukepengeforsikring har rett til sjukepengar med 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå 17. sjukefråværsdag. Som frilansar kan du forsikre deg hos NAV for å få 100 prosent sjukepengedekning frå første sjukefråværsdag. For å søkje om sjukepengeforsikring fyller du ut skjemaet "Søknad frå sjølvstendig næringsdrivande om opptak/endring i forsikring for tillegg til sjukepengar".
Søknad frå sjølvstendige næringsdrivande om opptak/ endring i forsikring for tillegg til sjukepengar
Frivillig forsikring mot ansvar for sykepenger i arbeidsgiverperioden for små bedrifter
Som arbeidsgjevar kan du forsikre deg mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden (arbeidsgivarperioden er normalt dei første 16 sjukedagane). Det er eit vilkår at dei samla lønnsutbetalingane i føregåande år ikkje var høgare enn 40 G (grunnbeløpet i folketryda). For å søkje om dette fyller du ut skjemaet:
Forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden for små bedrifter - søknad om opptak
Ansvarsforsikring
Alle som driv næringsverksemd bør tenkje gjennom om dei treng ei ansvarsforsikring.
Skulle du til dømes komma i skade for å øydeleggja eigedelane til kunden under utføringa av arbeidet er det ein fordel å ha ansvarsforsikring. Ta kontakt med forsikringsselskap for informasjon og tilbod.
Andre forsikringar
Andre typar frivillige forsikringar som kan vere aktuelle er eigedomsforsikring, ansvarsforsikring, sjukeavbrotsforsikring, sjukelønnsforsikring, personforsikringar, ulukkesforsikring, transportforsikring og forsikring mot datakriminalitet. Ta kontakt med ulike forsikringsselskap og be om tilbod.