Ytringsfridom, varslingsrett og lojalitetsplikt

Alle arbeidsavtalar byggjer på ein føresetnad om eit tillitsforhold mellom arbeidsgivaren og arbeidstakaren, og at arbeidstakaren har ei lojalitetsplikt overfor arbeidsgivaren.


Arbeidstakar si lojalitetsplikt

Dette inneber blant anna at arbeidstakaren ikkje bør ta på seg anna arbeid som på ein uforholdsmessig måte står i eit konkurranseforhold til arbeidsgivaren, og at arbeidstakaren skal slutte opp om arbeidsgivaren sine interesser så langt det er nødvendig for arbeidsforholdet.
Lojalitetsplikta er ikkje lovregulert, men reaksjonar på visse brot på lojalitetsplikta er likevel regulerte. For eksempel kan arbeidstakaren straffast med bot eller fengsel dersom han eller ho utnyttar forretningsløyndomar i ei konkurrerande næringsverksemd.

Straffelova om krenking av forretningsløyndomar

Arbeidstakar sin ytringsfridom

Ytringsfridomen er ein grunnlovsfesta menneskerett. Den tilsette si lojalitetsplikt beskyttar berre mot ytringar som på illojal måte skadar arbeidsgivaren sine rettmessige og saklege interesser. Lojalitetsplikta inneber ingen generell adgang til å regulere eller sanksjonere dei tilsette sine ytringar. Arbeidsgivarar kan derfor ikkje slå ned på ytringar fordi dei vert oppfatta som uønskte eller uheldige. Utsegn som ikkje er underlagde teieplikt og som i hovudsak gjev uttrykk for arbeidstakaren sine eigne oppfatningar vil vanlegvis vere tillatne.

Grunnlova om ytringsfridom

Arbeidstakar sin varslingsrett

Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold i verksemda. Gjengjelding mot arbeidstakarar som varslar er forbode. Arbeidstilsynet har informasjon om kva som er forsvarleg framgangsmåte ved varsling, om arbeidsgjevaren si plikt til å leggje til rette for varsling, og kva tiltak som skal setjast i verk.

Arbeidstilsynet om varsling av kritikkverdige forhold i verksemda

Arbeidsmiljølova om varsling av kritikkverdige forhold i verksemda

Kontakt og hjelp:

Arbeidstilsynet

Åpne kontaktskjema