Sletting av eit ansvarleg selskap (ANS/DA)
Dersom det ikkje lenger er næringsverksemd i selskapet bør det slettast. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene legge til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis levere lovpålagde oppgåver og skjema.
Generelt om avviklingen
Oppløysing og sletting av eit ansvarleg selskap gjer ein i to trinn. Først må selskapsmøtet vedta at det skal oppløysast, så må det utføre sjølve slettinga. Begge delar må meldast til Føretaksregisteret.
Tida mellom desse to trinna blir normalt kalla avviklingsperioden, der avviklinga av verksemda må førebuast. Avviklingsperioden kan ikkje vere kortare enn seks veker, og normalt bør han ikkje vere lenger enn 12 månader.
Selskapsmøte
Selskapsmøtet vedtar at verksemda skal oppløysast. Vedtaket krev at deltakarane er samrøystes om ikkje anna kjem fram av selskapsavtalen. Reglar for røysting og protokollføring finn du i selskapslova.
Selskapslova om røysting og protokollføring
Når kreditorfristen på seks veker er ute skal selskapsmøte bli halde på nytt der deltakarane i skal godkjenne avviklingsrekneskapen og vedta sletting av verksemda.
Dersom ein eller fleire deltakarar krev det, skal det veljast eit avviklingsstyre som skal utføre avviklingsprosessen.
Er det ennå registrert tilsette i avviklingsperioden, må du sørge for at alle arbeidsforhold er registrert med ein sluttdato. Dette gjer du i a-meldinga.
Meld oppløysing til Brønnøysundregistera
- Vedtak om oppløysing, og eventuelt val av avviklingsstyre, melder ein i skjemaet Samordna registermelding. Protokoll frå selskapsmøtet, som viser vedtaket, må leggjast ved skjemaet. Dersom det blir vald nye styremedlemmer til avviklingsstyret, må desse stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere skjemaet.
-
Vedtaket blir publisert på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider.
-
Eventuelle kreditorar kan melde kravet til verksemda. Kreditorfristen på seks veker gjeld frå den datoen kunngjeringa er publisert.
Føretaksregisterlova om kunngjering
Avviklingsperioden
- I avviklingsperioden skal det utarbeidast ei liste over eigedelane, rettane og forpliktingane til verksemda, og deretter gjerast opp ein balanse i samband med avviklinga.
- Eigedelane til verksemda må gjerast om i pengar, med mindre deltakarane er einige om at det kan utførast ei deling av eigedelane utan at desse blir gjorde om i pengar. Alle forpliktingane må gjerast opp. Alternativt at det blir avsett middel til dekning av forpliktinga(ne).
- Eit eventuelt overskot etter dekning av forpliktingane skal delast ut til deltakarane. Utdeling til deltakarane er regulert nærmare i selskapslova.
- Det må utarbeidast eit sluttoppgjer som vert lagt fram for selskapsmøtet til godkjenning.
Meld sletting til Brønnøysundregistera
Melding om sletting av det ansvarlige selskapet skal sendes til Melding om sletting av det ansvarlege selskapet skal så sendast til Føretaksregisteret, utan ugrunna opphald, etter at selskapsmøtet har godkjent avviklingsoppgjeret. Dette melder ein enklast i Samordna registermelding i Altinn.
Brønnøysundregistera om sletting av eit ansvarleg selskap
Meld frå til Skatteetaten
Avviklinga er å rekne som ein realisasjon (er å rekne som sal og skatteplikt oppstår) av andelen til deltakarane i verksemda. Gevinst eller tap for deltakaren i samband med avviklinga rapporterer ein til Skatteetaten i samband med innsending av skattemeldinga. Skattemeldinga sender ein inn til dei ordinære fristane som gjeld inntektsåret uavhengig av når tid på året verksemda blir oppløyst. Verksemda skal levere RF-1215 "Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetting".
Meirverdiavgiftspliktige verksemder må levere ordinær mva-melding.
Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere
Skatteetaten — Vegvisar til korleis du avsluttar verksemda di
Ansvar for forpliktingane
Dersom verksemda berre "ebbar ut", utan formell avvikling, kan det dukke opp ukjente gjeldspostar og forpliktingar. Ved ei ryddig avvikling vil det alltid vere nokon som har eit formelt ansvar til siste slutt.
Deltakarane i det ansvarlege selskapet står ansvarlege for eventuelle uoppgjorde krav i inntil tre år etter at avviklinga blei registrert i Føretaksregisteret.
Inntil du melder frå om sletting vil styresmaktene leggja til grunn at du har ei verksemd å rapportera om, og det må framleis leverast lovpålagde oppgåver og skjema.
Føretaksregisterlova om plikt til å melde sletting av føretaket
Selskapslova om oppløysing og avvikling
Oppbevaring av rekneskapsmateriale
Krav i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av verksemda. Det er avviklingsstyret som har ansvaret for at dette blir gjort.
Kva kostar det?
Det er gratis å melde sletting av føretaket.