Sletting av eit samvirkeføretak (SA)
Dersom det ikkje lenger er næringsverksemd i samvirkeføretaket bør det slettast. Inntil du melder frå om sletting vil myndigheitene legge til grunn at du har ei verksemd å rapportere om, og du må framleis levere lovpålagde oppgåver og skjema.
Generelt om avviklinga
Ein føresetnad for at årsmøtet skal kunne oppløyse og slette eit samvirkeføretak er at det finst eigedelar i verksemda til å dekkje forpliktingane. Har ikkje verksemda midlar til å gjere opp krava mot seg på avviklingstidspunktet så må styret/avviklingsstyret melde oppbod, konkurs til tingretten.
Oppløysing og sletting av eit samvirkeføretak må gjerast i to trinn. Først må årsmøtet vedta at det skal oppløysast. Samtidig med vedtak om oppløysing skal årsmøtet velje eit avviklingstyre som skal gjennomføre avviklingsprosessen. Neste trinn er at årsmøtet vedtar sletting. Begge delar skal meldast til Føretaksregisteret.
Tida mellom desse to trinna blir normalt kalla avviklingsperioden, der avviklingsstyret må førebu avviklinga av verksemda.
Årsmøte
Årsmøtet må først vedta at verksemda skal oppløysast, og velje eit avviklingsstyre. Sittande styret kan veljast som avviklingsstyre. Oppløysinga krev normalt to tredjedels fleirtal, men vedtektene kan fastsette strengare krav.
Meld oppløysing til Brønnøysundregistera
- Melding om oppløysing melder ein i skjemaet Samordnet registermelding.
- Protokollen frå årsmøtet som viser vedtak om oppløysing og val av avviklingsstyre må leggjast ved. Dersom det blir valt nye styremedlemmer til avviklingsstyret, må desse stadfeste at dei tar på seg oppdraget. Dette gjer dei ved å signere skjemaet.
Vedtaket blir då publisert på Brønnøysundregistera sine kunngjeringssider.
Brønnøysundregistera sine kunngjeringar
Kreditorfristen på seks veker gjeld frå den datoen kunngjeringa er publisert.
Avviklingsperioden
Eventuelle kreditorar kan melde kravet til leiaren for avviklingsstyret, som sørger for at det kjem med i avviklingsrekneskapen.
I avviklingsperioden skal avviklingsstyret utarbeide ei liste over eigedelane , rettane og forpliktingane til verksemda, og deretter gjere opp ein balanse med tanke på avviklinga. For samvirkeføretak som er revisjonspliktige, må balansen reviderast av revisor.
Er det ennå registrert tilsette i avviklingsperioden, må det bli sørga for at alle arbeidsforhold er registrerte med ein sluttdato. Dette blir gjort i a-meldinga.
Eigedelane til verksemda må gjerast om i pengar, så langt det er nødvendig for å dekkje forpliktingane. Blir eigedelane omgjorde ved sal, skal det bereknast meirverdiavgift, så lenge verksemda er meirverdiavgiftspliktig.
Avviklingsstyret må utarbeide eit endeleg avviklingsoppgjer. For samvirkeføretak som er revisjonspliktige, må dette reviderast før det blir lagt fram for årsmøtet til godkjenning.
Ved overskot etter dekning av forpliktingane, kan eventuelle delsinnskot og inneståande på medlemskapitalkonto delast ut til medlemmene. Ver merksam på at samvirkelova stiller krav til korleis eit eventuelt overskot skal fordelast. Midlar utover dette som står igjen, skal gå til samvirkeformål eller allmennyttige formål, med mindre vedtektene bestemmer noko anna. Dette kan tidlegast gjerast to månader etter siste kunngjering om avvikling.
Meld frå til Skatteetaten
Føretaket må krevje førehandsfastsetting, via skattemeldinga. Skattemeldinga sender ein inn når avviklinga er ferdigstilt, det vil seie når alle forpliktingane er gjorde opp, alle eigedelar er realiserte og gevinst og tap er gjort greie for.
Skatteforvaltningsforskrifta om plikt til førehandsfastsetjing
Meirverdiavgiftspliktige verksemder må levere ordinær mva-melding.
Skatteetaten – Mva-melding: Sjå, endre og levere
Meld sletting til Brønnøysundregistera
Melding om sletting sender ein til Føretaksregisteret når årsmøtet har godkjent den endelege oppløysinga. Dette skal meldast utan ugrunna opphald i Samordna registermelding.
Ansvar for forpliktingane
Dersom verksemda berre "ebbar ut", utan formell avvikling, kan det dukke opp ukjente gjeldspostar og forpliktingar. Medlemmene har ansvaret for ubetalte krav mot verksemda oppetter avgrensa til det medlemene har fått som utdeling i samband med avviklinga. Inntil du melder frå om sletting vil styresmaktene leggja til grunn at du har ei verksemd å rapportera om, og det må framleis leverast lovpålagde oppgåver og skjema.
Føretaksregisterlova om plikt til å melde sletting av føretaket
Oppbevaring av rekneskapsmateriale
Kravet i bokføringslova om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år gjeld også etter sletting av samvirkeføretaket. Det er avviklingsstyret som har ansvaret for at dette blir gjort.
Kva kostar det?
Det er gratis å melde oppløysing og sletting av verksemda.
Brønnøysundregistera om sletting av samvirkeføretak