Budsjett i driftsfasen

Budsjettet er ei talfesting av dei framtidige planane du har for bedrifta di. Det finst ulike typar budsjett, med ulike formål.


Kva bør du ha oversikt over?

Det er mykje enklare å lage eit godt budsjett når du har drive verksemda ei stund. Då har du erfaringstal i rekneskapen å ta utgangspunkt i, og kjenner kor "skoen trykkjer". For å planleggje neste års inntekter og kostnader kan det vere greitt å tenkje gjennom kva som trengst for å nå det målet du har sett for verksemda di.

  • Korleis er den generelle prisutviklinga?
  • Korleis er prisutviklinga på produktet eller tenesta?
  • Er det nokre endringar i bransjen som påverkar inntekter eller kostnader?
  • Må du investere i nye maskiner eller anna utstyr?
  • Korleis skal eventuelle nye investeringar finansierast?
  • Skal verksemda utvide?
  • Skal du tilsetje fleire?
  • Vert det planlagt andre endringar i drifta som påverkar kostnadene og inntektene?.

Det er du, og eventuelt dei tilsette, som kjenner verksemda best. Involver gjerne dei tilsette i budsjettarbeidet.

Vær realistisk

Mange har ein tendens til å vere litt for optimistiske i budsjettarbeidet. Inntektene vert overvurderte og kostnadene undervurderte. I budsjettsamanheng bør du vere nøktern med tanke på inntektene, og ta godt i når det gjeld kostnadene.

Praktisk budsjettarbeid

Budsjettering handlar i hovudsak om tre budsjett:

  • Investeringsbudsjett
  • Driftsbudsjett (resultatbudsjett)
  • Likviditetsbudsjett

 

Investeringsbudsjett

Dette budsjettet skal gje ei oversikt over kva du tenkjer å investere dei nærmaste åra.

Eit investeringsbudsjett treng ikkje vere meir komplisert enn ei oversikt over nødvendige investeringar, prisen på investeringa og eventuelt korleis dette er tenkt finansiert. Det er også greit å få med i budsjettet kor mange år for eksempel anleggsmiddelet skal avskrivast.

Driftsbudsjett

I eit driftsbudsjett forsøkjer du å føreseie forventa inntekter og kostnader i budsjetteringsperioden, og i kva grad selskapet er forventa å gå med overskot eller underskot. Dette budsjettet kan du samanlikne med den reelle rekneskapen din gjennom året, og på den måten fange opp uønska utvikling tidleg.

Dei fleste brukar hausten til å lage neste års budsjett. Bruk aktivt rekneskapen for inneverande år i budsjettarbeidet, og lag gjerne ein prognose (ei skjønsmessig vurdering) for resultatet ut året. Då har du gode erfaringstal å bruke som utgangspunkt for neste års budsjett. Vidare går du gjennom dei ulike rekneskapskontoane og vurderer eventuelle endringar i kostnads- eller inntektsbiletet som kan få konsekvensar for budsjettet.

Dersom du for eksempel veit at de til neste år skal produsere og selje eit nytt produkt, vil det naturleg oppstå nye kostnader, alt frå produksjon til marknadsføring og sal. Ein god kalkyle er eit godt utgangspunkt for vurdering av kostnader og inntekter for dette produktet.

Skal du gjere ei større investering må du også vurdere om investeringa skal kostnadsførast med ein gong eller avskrivast over tid. Dette vil ha betyding for driftsbudsjettet.

Dokumentmal: Driftsbudsjett

Periodiske budsjetter

For å nytte budsjettet som styringsverktøy gjennom året, bør du splitte det opp i periodar. Fordel inntekter og kostnader for kvar månad. Tenk også gjennom om det er sesongvariasjonar, og budsjetter inntekter og kostnader månad for månad. Når du samanliknar budsjettet kvar månad mot den reelle rekneskapen, vil du tidleg kunne ta tak i eventuelle avvik og justere kursen.

Likviditetsbudsjett

Likviditet betyr betalingsevne. Likviditetsbudsjettet skal vise pengestraumen i selskapet. Her prøver du i realiteten å føresjå forventa rørsler på bankkontoen din. På den måten kan du sjå om du har middel nok til å gjere opp forpliktingane dine når dei forfell til betaling. Ser du at du ein periode vil få problem med å betale forpliktingane dine, kan du på førehand for eksempel avtale ein kassakreditt med banken din.

Har du laga eit investeringsbudsjett og eit driftsbudsjett har du eit godt utgangspunkt når du skal starte med likviditetsbudsjettet..

Byrj gjerne med inntektene. Sel du på kreditt og har 30 dagars betalingsfrist, vil inntektene i likviditetsbudsjettet kome ein månad etter at inntektene er budsjetterte i driftsbudsjettet. Hugs å ta med eventuell meirverdiavgift i likviditetsbudsjettet. Det er pengestraumen du skal budsjettere her.

Gå så gjennom kostnadene. Her må du sjå på betalingsfristane på fakturaane. Har du ein månad kredittid vil du først betale kjøpet ein månad etter at kostnaden er teken med i driftsbudsjettet. I likviditetsbudsjettet skal du også ta med meirverdiavgifta på fakturaen.

Har du planlagt større investeringar må du også ta desse med. Når skal dette betalast? Må du ta opp lån for å betale? Både innskotet og tilbakebetalinga av eit eventuelt lån skal med i likviditetsbudsjettet.

Meirverdiavgifta skal vanlegvis betalast seks gonger i året. Meirverdiavgifta for januar og februar skal for eksempel betalast i april. Då må du sjå på inntektene og kostnadene i januar og februar for å rekne ut kor mykje meirverdiavgift du skal betale i april.

Dokumentmal: Likviditetsbudsjett.xls

 

Åpne kontaktskjema