Aksjekapital

Aksjekapitalen er summen av pålydande/verdi på alle aksjane i eit aksjeselskap. Kor stor aksjekapitalen bør vere, vil avhenge av kva behov for kapital selskapet har.


Kva er aksjekapital?

Aksjekapitalen skal vere minimum 30 000 norske kroner. I aksjeselskapet sitt stiftelsedokument med vedtekter skal det stå kor stor aksjekapitalen er, kven som eig kvar enkelt aksje og kva kvar enkelt aksje skal koste. Aksjekapitalen som er ein del av eigenkapitalen til selskapet kan nyttast, men selskapet skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg. Om selskapet har ein forsvarleg eigenkapital er ei vurdering som styret må gjere. Litt forenkla sagt betyr dette at selskapet skal ha nok pengar til å betale kostnadene sine.

Finansiering av aksjeselskap

Nye aksjeselskap går sjeldan med overskot frå dag ein. Dette betyr at selskapet kan få behov for pengar ut over minimumskravet til aksjekapital for å dekkje forpliktingane til selskapet. Må aksjeselskapet ta opp lån, kan minimum aksjekapital gje for dårleg sikkerheit til at banken vil innvilge lån til selskapet. Ytterlegare finansiering skjer då normalt gjennom ein auke av aksjekapitalen, eller gjennom lån til selskapet. Finansieringa kan skje internt frå aksjeeigarane eller ein kan tilby eksterne å kjøpe aksjar eller yte lån.

Brønnøysundregistera om aksjekapital

Auking av aksjekapital

Å auke aksjekapitalen ut over minimumskravet kan i mange tilfelle vere fornuftig, fordi ein auka aksjekapital tilfører pengar til selskapet, gjev auka kredittverdigheit og viser soliditet. Auking av aksjekapitalen må følgje reglane om auke av aksjekapital.

Brønnøysundregistera om auke av aksjekapital

Brønnøysundregistera om fusjon

Aksjelova om kapitalforhøyelse ved fondsemisjon

Aksjelova om kapitalforhøyelse ved nytegning av aksjar

Overkurs

Innbetaling av overkurs betyr at aksjeeigarane betalar inn eit beløp pr. aksje som overstig verdien til aksjen. Overkurs er ikkje regulert i aksjelova, men inngår i den frie eigenkapitalen kapital som eigarane har tilført som overkurs eller som har vorte tent opp gjennom overskot i drifta til selskapet ((kapital som eigarane har tilført som overkurs eller som har vorte tent opp gjennom overskot i drift). 

I samband med blant anna skiping av aksjeselskap, auking av aksjekapital og fusjon (samanslåing av aksjeselskap) kan selskapet vedta å betale inn overkurs. 

Lån frå aksjeeigar

Skal aksjeselskapet låne pengar må det liggje føre ein låneavtale. Dette gjeld også når långjevaren er aksjeeigar i selskapet. Lån frå ein aksjeeigar kan vere formålstenleg sidan selskapet ikkje treng å følgje reglane om kapitalauke. Lånet vert rekna som fri eigenkapital og kan fritt brukast til drifta av aksjeselskapet. Lånet må vere reelt og det må liggje føre ein avtale mellom partane.

Fordelar ved å gje selskapet lån er at ein kan tilpasse tilbakebetalinga til den økonomiske situasjonen til selskapet. Renter kan utbetalast til långjevaren utan å vere nøydd til å følgje reglane om utbyte i aksjelova.

Anna oppkapitalisering

Andre former for finansiering etter aksjelova kan vere:

  • lån med rett til å krevje utferda aksjar eller konverteringsrett
  • teikningsrettsaksjar
  • frittståande teikningsrettar

Regelverket er til dels svært omfattande. Det kan derfor vere greit å søkje hjelp dersom det er aktuelt å nytte seg av moglegheitene for å tilføre kapital.

Nedsetjing av aksjekapital

Aksjekapitalen i eit selskap kan setjast ned etter vedtak av generalforsamlinga. Aksjekapitalen kan likevel ikkje setjast ned til under 30 000 norske kroner, som er grensa for minste aksjekapital. Nedsetjingsbeløpet kan nyttast til dekning av tap som ikkje kan dekkjast på annan måte, utdeling til aksjeeigarane, sletting av selskapet sine eigne aksjar, eller avsetjing til fond. Informasjon om korleis vedta og registrere nedsetjing av aksjekapitalen finn du på nettsidene til Brønnøysundregistera.

Brønnøysundregistera om nedsetting av aksjekapital

Aksjelova om nedsetting av aksjekapital

Åpne kontaktskjema