Rapporteringsplikter for enkeltpersonføretak

Dei vanlegaste rapporteringspliktene for enkeltpersonføretak er knytte til skatt og meirverdiavgift.


Forskotsskatt

Det er ingen automatikk i at du får tilsendt rekning for skatten når du startar opp eit enkeltpersonføretak. Du må derfor sjølv melda endring av inntekt for å få berekna forskotsskatten din. Dersom du bereknar å ha underskot første år skal du ikkje senda inn skjema for utrekning av forskotsskatt. Underskotet skal i staden oppgivast i skattemeldinga di.

Me føreset at verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, og at føretaket går med overskot og er pliktig til å betala forskotsskatt.


Måned

Enkeltpersonføretak uten tilsette Enkeltpersonføretak med tilsette
Januar

 

 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for desember (a-melding)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for ansatte for nov/des

Februar

10. Rapportere og betale mva for nov/des (mva-melding)


 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for januar (a-melding)

10. Rapportere og betale mva for nov/des (mva-melding)

Mars 15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for februar (a-melding)

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for ansatte for jan/feb

April

10. Rapportere og betale mva for jan/feb (mva-melding)

 

 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for mars (a-melding)

10. Rapportere og betale mva for jan/feb (mva-melding)

Mai

31. Skattemelding for næringsdrivande

 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for april (a-melding)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for tilsette for mars/april

31. Skattemelding for næringsdrivande

Juni

 

10. Rapportere og betale mva for mars/april (mva-melding) 

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for mai (a-melding)

10. Rapportere og betale mva for mars/april (mva-melding)

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

Juli

 

 

 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for juni (a-melding)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for tilsette for mai/juni

August

 

31. Rapportere og betale mva for mai/juni (mva-melding)

 

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for juli (a-melding)

31. Rapportere og betale mva for mai/juni (mva-melding)

September 15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for august (a-melding)

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for tilsette for juli/august

Oktober

 

10. Rapportere og betale mva for juli/august (mva-melding)

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for september (a-melding)

10. Rapportere og betale mva for juli/august (mva-melding)

November  

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for oktober (a-melding)

15. Betale skatt og arbeidsgivaravgift for tilsette for september/oktober

Desember

 

10. Rapportere og betale mva for september/oktober (mva-melding)

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

5. Rapportere lønns- og tilsetjingsforhold for november (a-melding)

10. Rapportere og betale mva for september/oktober (mva-melding)

15. Betale skatt for enkeltpersonføretaket (forskotsskatt)

 

Andre rapporteringsplikter

I tillegg kan ulike hendingar og aktivitetar utløysa andre rapporteringsplikter. Statistisk sentralbyrå (SSB) kan til dømes ha behov for å innhenta opplysningar frå din verksemd og då kan du rekna med å få tilsendt skjema for å rapportera inn opplysningar til den offisielle statistikken i Noreg.

Nokre få enkeltpersonføretak kan òg vera pliktige til å senda inn årsrekneskap til Regnskapsregisteret viss dei har

  • Eigedelar med verdi over 20 millionar kroner
  • Mengd tilsette i gjennomsnitt over 20 årsverk
  • Enkeltpersonføretak som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet

 

Åpne kontaktskjema