Personvern

Alle verksemder som samlar inn og brukar personopplysningar må stilla seg til personvernregelverket (GDPR).


Målet med regelverket er å gi borgarane auka kontroll over korleis data som blir knytt til dei blir brukt, delt og oppbevart. Dette gjeld både for dine tilsette og dine kundar. Dersom verksemda di handterer sensitive personopplysningar som helseopplysningar eller opplysningar om barn, så er regelverket ekstra strengt. Datatilsynet har nærare informasjon om dette regelverket på sine nettsider, og her finn du også malar for å kunne gjennomføre personvernkonsekvensutgreiingar for vurdering av sikker handtering av personopplysningar.

Det er utarbeida en sjekkliste for kva som må gjerast før du begynner å handtere personopplysningar, den finn du på Datatilsynet sin nettstad.

Datatilsynet - sjekkliste for handtering av personopplysningar

Verksemder som ikkje etterlever personvernregelverket (GDPR) risikerer å miste kundar, men kan også bli straffa med bøter frå Datatilsynet i Norge.

Datatilsynet - Verksemder sine plikter etter personvernregelverket

 

Åpne kontaktskjema