Samarbeid mellom verksemder
Å samarbeide med andre kan utvikle verksemda di og skape vekst. Formålet med eit samarbeid kan for eksempel vere innovasjon, utnytte kvarandre sin kompetanse eller å auke konkurransekrafta.
Det er mange gode grunnar til å vurdere å inngå eit samarbeid, og det må gjerast innan dei rammene som konkurranselovgivinga sett. Vidare er det viktig å avklare og beskytte dei rettane som du eventuelt bringar inn i samarbeidet. Korleis samarbeidet skal organiserast bør også vurderast.
Organisere samarbeid
Samarbeidet kan vere knytt til enkeltprosjekt eller meir permanente samarbeid over tid. Eit enkeltprosjekt kan vere knytt til eit produkt eller anbod på eit spesifikt oppdrag. Et samarbeid om enkeltprosjekt vil normalt ha grunnlag i ein avtale mellom dei samarbeidande verksemdene. For å sikre ein best mogleg avtale som tek vare på partane sine interesser, er det sjølvsagt å anbefale at det blir brukt advokat eller andre rådgjevarar med kompetanse på området.
Er det eit permanent samarbeid, kan det vere hensiktsmessig å etablere ei eiga verksemd for samarbeidet. Både aksjeselskap og samvirkeføretak kan vere eigna organisasjonsformer for å organisere eit slikt samarbeid. Aksjeselskap og samvirkeføretak har mange likskapar, men ein vesentleg forskjell er at samvirkeføretaket som formål å fremje medlemene sine økonomiske interesser gjennom for eksempel samarbeid. Du kan lese meir om dei ulike organisasjonsformene her.
Konkurranselovgivinga
Formålet til konkurranselova er å fremje konkurranse mellom verksemder. Avtaler eller åtferd som avgrensar konkurransen i marknaden kan vere ulovleg. I vurderinga om eit samarbeid er lovleg eller ikkje skal det særleg leggjast vekt på forbrukaren si interesse.
Det er verksemdene sitt eige ansvar å vurdere om eit eventuelt samarbeid kan avgrense konkurransen. Eksempel på samarbeid som potensielt kan vere ulovleg er avtaler mellom konkurrentar om prisar, oppdeling av marknaden og avgrensingar i produksjon eller sal.
Samarbeid mellom verksemder som ikkje er konkurrentar vil normalt vere lovleg. Samarbeid der verksemder utnyttar kvarandre sin kompetanse til å utvikle eit eksisterande eller nytt produkt på marknaden er eksempel på dette. Prosjektsamarbeid mellom konkurrentar kan også vere lovleg, men her vil det vere fornuftig å vurdere samarbeidet opp mot konkurranseregelverket. Den vanlegaste forma for prosjektsamarbeid er knytt til felles anbod.
Eksempel på dette er når to eller fleire konkurrerande verksemder skal samarbeide om å levere eit felles anbod på eit oppdrag. Er verksemdene åleine ikkje i stand til å oppfylle krava i anbodet, vil samarbeid vere lovleg.
Er den eine eller begge partane i samarbeidet i stand til å levere anbodet åleine så er samarbeidet som hovudregel ulovleg, men det finst unntak og dette kan du lese meir om hos Konkurransetilsynet.
Konkurransetilsynet sin rettleiar om prosjektsamarbeid
Korleis finne potensielle samarbeidspartnarar?
Mange samarbeid gror ut av verksemdene sitt kjennskap til kvarande, men det er ikkje alltid tilfelle. Er verksemda på jakt etter samarbeidspartnarar så kan det vere fornuftig å kontakte det kommunale rettleiarapparatet for hjelp. Dei har ofte oversikt over det lokale næringslivet.
Innovasjon Noreg vil også kunne hjelpe i arbeidet med å finne aktuelle samarbeidspartnarar både regionalt og nasjonalt.
Innovasjon Noreg om samarbeid, klynger og nettverk
Ei kjelde til informasjon om næringslivet og samarbeidspartnarar er opne data hos Brønnøysundregistera. Her kan du for eksempel søkje på ein bestemd næringskode og få oversikt over alle verksemder som driv under denne næringskoden. Søket kan vidare avgrensast geografisk, om det er ønskjeleg.
Brønnøysundregistra – søk i åpne data
Beskytte rettane
Består samarbeidet i å utvikle eit nytt eller eksisterande produkt vil det i forkant vere sentralt å avklare kven som har rettar til det endelege produktet og korleis desse rettane skal sikrast. Det er også viktig å avklare spørsmål om rettar og/eller sikre rettar til produkt som du bringar inn i samarbeidet. Desse avklaringane bør gjerast i ein samarbeidsavtale. Hos Patentstyret kan du søkje om vern av varemerke, patent og design.
Patentstyret om einerett på namn, logoar, oppfinningar og design