Eksport

Dei fleste varene og tenestene kan eksporterast frå Noreg utan at du treng å søkje om løyve. Eksport til land utanfor EU skal i utgangspunktet førehandsmeldast til Tolletaten. Ver merksam på at det kan vere spesielle reglar og restriksjonar på nokre varer. I andre tilfelle kan det vere restriksjonar mot å eksportere til eit bestemt land, eller at mottakarlandet har restriksjonar mot import.


Ansvar som eksportør

Sjølv om dei fleste brukar speditørar til deklarering, fortolling og frakt, er det ditt ansvar som eksportør å sørgje for at eksporten er i tråd med gjeldande reglar. I denne teksten finn du informasjon om vanlege krav, restriksjonar og løyve, som gjeld for eksport.

Eksportguide

Produktkrav

Før du startar med eksport av produktet ditt, må du kjenne til krava som gjeld for produktet ditt i marknaden du har tenkt å selje til. Ulike land kan ha ulike krav når det gjeld mellom anna utforming, funksjon, merking og innhald av produkt. Innovasjon Noreg har ein rettleiar for produktkrav og merking som vil vere nyttig om du er usikker på korleis du skal gå fram for å identifisere krava til produktet ditt.

Innovasjon Noreg - Rettleiar for produktkrav og merking.

Internasjonal handel - betalingsformer og eksportdokumenter

I internasjonal handel er det ein del viktige begrep du må ta stilling til. Det gjeld blant anna betalingsformer, handelsdokument, leveringsvilkår, frihandelsavtalar og opphavsreglar.

Som eksportør er det viktig å kjenne til ulike betalingsformer og leveringsvilkår for å sikre at kunden betalar for varene, og at ansvarsforhold og risiko er avklara mellom kjøpar og seljar. Dei mest vanlege betalingsformene er open rekning, dokumentinkasso, remburs, garantiar og valutaterminar, men val av løysing burde gjerast på bakgrunn av ei risikovurdering. Det kan lønne seg å ta kontakt med eigen bankforbindelse for å finne den beste betalingsforma for varene dine. Innovasjon Noreg kan også hjelpa til i denne vurderinga.

Innovasjon Noreg om val av betalingsvilkår og finansieringsløysingar

Incoterms er det mest brukte rammeverket for internasjonale leveransevilkår. Kort fortalt vil dei ulike klausulane i Incoterms avgjere på kva for punkt under reisa ansvaret for vareforsendinga blir overført frå seljaren til kjøparen.

Incoterms

Før du kan eksportere ei vare er det ein del dokument som må vere på plass. Desse dokumenta vert kalla eksportdokument eller handelsdokument. Begrepa vert ofte bruka om kvarandre. Transportøren/speditøren vil som regel kunne ta seg av dokumenthandteringa, men det er likevel du som er ansvarleg for at dokumenta inneheld riktige opplysningar.

Dei vanlegaste eksportdokumenta er handelsfaktura, pakkliste, utførselsdeklarasjon og fraktdokument. Andre aktuelle dokument kan vere opphavsbevis eller ulike produkt- og helseerklæringar.

Eksport og mva

Eksport av varer og tenester frå Noreg er fritekne frå berekning av norsk mva. Normalt vil lokale avgifter leggjast til i mottakarlandet og betalast av kunden. Sjølv om du ikkje skal berekna norsk mva på sala til utlandet, vil omsetninga inngå i berekningsgrunnlaget for når du må registrerast i mva-registere.

Du kan lesa meir om mva og mva-registrering her.

Eksportrestriksjonar

Dei fleste varene og tenestene kan eksporterast frå Noreg utan at det vert stilt krav om utførselslisens. Strategiske varer, forsvarsmateriell og enkelte andre varer kan likevel ikkje eksporterast utan godkjenning frå Utanriksdepartementet eller andre offentlege instansar.

Eksportkontroll

Også levering av visse typar teknologi og tenesteytingar til utlandet krev løyve. I tillegg kan mottakarlandet vere underlagt sanksjonar eller ha eigne importrestriksjonar.

Nokre aktuelle varer som er underlagde restriksjonar er:

Dersom du er i tvil om eksporten av vara di er underlagd restriksjonar, vil Tolletaten kunne hjelpe deg med å avklare regelverket.

Åpne kontaktskjema